Hopp til innhold

Skaffar vatn til flyktningane

Midt i ei humanitær katastrofe blant ein million flyktningar frå Syria, jobbar Benedicte Næss Hafskjold frå Drammen. Ho skaffar reint vatn til born og familiar som har kryssa grensa til Libanon.

Benedicte Næss Hafskjold

Vatnet flyktningane i Libanon har tilgang til er ofte skittent og øydelagt av kjemikaliar. Det forsøker Benedicte Næss Hafskjold å gjere noko med.

Foto: Greg Rødland Buick/Kirkens Nødhjelp

Flyktningleir libanon

Ein million flyktningar bur i Libanon medan dei håper og ventar på at krigen i Syria skal ende.

Foto: Greg Rødland Buick/Kirkens Nødhjelp

I Libanon er det ingen store flyktningleirar. Likevel har det vesle landet, på storleik med Aust-Agder fylke, tatt i mot ein million flyktningar frå Syria. Benedicte Næss Hafskjold jobbar eigentleg i UDI med sakshandsaming, men har tatt permisjon for å skaffe reint vatn til eit underernært hav av flyktningar. Dei bur i falleferdige bygningar, på jorde og i garasjar.

Ein heil vinter utan regn

– Dei er deg og meg. Folk frå alle samfunnslag har flykta frå alt dei eig og søkjer tilflukt der dei kan finne tak over hovudet, seier Hafskjold.

Ei av dei mange utfordringane som står i kø er å sørge for at det finst nok, og reint nok, vatn. Kirkens Nødhjelps beredskapstropp samarbeider med fleire andre organisasjonar for å skaffe det. Dei har hovudansvar for vatn og sanitære forhold.

Mangler vann Libanon

Reint vatn kan bety betre helse og sanitære forhold.

Foto: Greg Rødland Buick/Kirkens Nødhjelp

– Dei som bur på eit jorde i telt må få levert vatn eller grave sin eigen vesle brønn. Her kan det vere sprøytemiddel og kjemikaliar i grunnvatnet, seier ho.

Denne vinteren har det knapt regna og det betyr at det er store sjansar for alvorleg mangel på vatn no når det blir varmare og tørrare.

Reiser ned att

Benedicte Næss Hafskjold

Benedicte Næss Hafskjold er heime på ei kort vekes ferie før ho reiser til Libanon att.

Foto: Idar Edvin Krogstad / NRK

Hafskjold er berre heime på snarvisitt. Allereie på søndag reiser ho attende til flyktningane i Libanon. Der skal ho verre med på å dele ut reinseutstyr til familiar som treng det og sørge for at det som kan gjerast for å betre dei sanitære forholda blir gjort.

– Mange av flyktningane er ressurssterke, men sjølv om dei veit kva som bør gjerast er det ikkje lett å halde seg frisk, seier ho.

Gruppa ho er med i passar på at brønnar ikkje blir laga for nært inntil toalett og andre smittekjelder. Eit elles friskt spedbarn kan bli dødeleg sjuk fordi det ikkje finst nok vatn til å vaske barnet.

Og slik skal ho bruke vinteren. I skuggen av krigen som har vara i over tre år. Utan at noko løysing ser ut til å vere i sikte.