Hopp til innhold

Sjåfør gjekk laus på vegarbeidar

DRAMMEN (NRK): Då bilisten fekk beskjed om å senke farten forbi eit vegarbeid, kokte det heilt over.

Då bilisten fekk beskjed om å senke farten forbi eit vegarbeid kokte det heilt over.

Her går bilisten laus på vegarbeidaren.

– Dei var i tottane på kvarandre når politiet kom. Det var ikkje hyggeleg å vere vitne til, fortel eit vitne på staden til NRK.

Han er mildt sagt overraska over slåstkampen han var vitne til i eit bustadområde på Muusøya i Drammen.

Dytta vegarbeidar

Den hissige bilisten sat godt på gasspedalen forbi vegarbeidet på Muusøya. Ein av vegarbeidarane gav beskjed til bilisten om å senke farten. Då kokte det over for bilisten.

– Eg var på besøk hjå foreldra mine då eg såg at noko var i gang ute på gata, fortel vitnet.

Ute på gata gjekk bilisten ut av bilen og dytta vegarbeidarane. Det leia til ein slåstkamp mellom bilisten og ein vegarbeidar.

Slåstkamp mellom bilisten og vegarbeidar

Politiet snakkar med vegarbeidar

Politiet snakkar med ein av vegarbeidarane etter hendinga.

Foto: Kim Holtan / NRK

– Uvanleg å sjå midt på dagen i ei so stille og roleg gate, fortel vitnet.

Ein av vegarbeidarane melde ifrå om slåstkampen til politiet som var på staden kl. 09:00.

– Det blir ofte litt krangel i trafikken, seier politifyrstebetjent Bård Sverre Olsen.

Politiet har no arrestert bilisten og skal avhøyre han i løpet av dagen.

– Me får sjå kva konsekvensar dette får når me har snakka med bilisten og får vurdert forklaringane.