Hopp til innhold

Sint på nynorskforslag frå Høgre

Hallingane er sinte Høgre sitt nynorskforslag.

Ivar Breivik, ordførar i Ål kommune

Ålordførar Ivar Brevik vil forsvare nynorsken.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Både politikarar, skulefolk og skuleelevar synest forslaget om å kutte sidemålsundervisninga i skulen, og la offentleg tilsette bruke den språkforma dei sjølve ønskjer, vil vere øydeleggande på nynorsken.

Senterpartordførar Ivar Brevik i ein av Buskerud sinr tre nynorsk-kommunar, Ål, meiner forslaget er eit klart valkamputspel frå Høgre si side.

Vil forsvare nynorsk

- Eg ser på dette som ein måte å gjere seg lekker for veljarane på, slik Høgre gjer på veldig mange område, seier Brevik.

Brevik er ordførar og tidlegare lærar i ein nynorskkommune. Han meiner det har sine klare fordelar å vekse opp i ein kommune med nynorsk.

- Eg meiner dei får eit breitt grunnlag for si språkutvkiling, og har ingen problem med å forsvare det nynorske skriftspråket, seier Brevik.