Sendt til Ullevål sjukehus etter grov vald

To menn vart arresterte, etter at ein mann i femtiåra vart alvorleg skadd etter å ha blitt utsett for vald inne på ein bensinstasjon i Drammen natt til laurdag.

Vald på bensinstasjon i Drammen

Ein mann vart hardt skadd etter vald inne på bensinstasjonen på Brakerøya i Drammen.

Foto: Anders Nielsen / NRK

Mannen i femtiåra skal både ha blitt slått og sparka. Operasjonsleiar Truls Fjeld i Sør-Øst politidistrikt seier mannen som vart slått ned er alvorleg skadd.

– Tilbakemeldingane frå Ullevål sjukehus er at tilstanden er alvorleg for mannen.

Mannen som vart utsett for vald er framleis til behandling på sjukehuset søndag ettermiddag.

Shell Brakerøya, Drammen

Fleire vitne blir avhøyrt for å få klårleik i bakgrunnen for at ein mann vart skamslått inne på bensinstasjonen.

Foto: Anders Nielsen / NRK

Om lag klokka fem laurdag morgon vart ein mann arrestert. Han skal ha forklart at han var med på det som skjedde inne på Shell-stasjonen på Brakerøya i Drammen. På føremiddagen arresterte politiet den andre som er mistenkt for å ha vore med på valdsgjerningane. Begge er rundt 20 år gamle menn frå Vestfold.

– Vi har vitneobservasjonar av det som skjedde og desse vitna er vi i ferd med å avhøyre. Så skal dei to sikta mennene få forklare seg, seier operasjonsleiar Fjeld på laurdag.

Sett fri etter avhøyr

Søndag melder politiet at dei to mennene er sett fri etter å ha blitt avhøyrde. Dei er framleis sikta for grov kroppsskade.

Mannen i femtiåra som vart utsett for vald er framleis til behandling på Ullevål sykehus.