– Om me ikkje fjernar lukta eit hundre prosent, so lukter det vesentleg mindre, fortel dagleg leiar i N2 Applied, Carl Hansson.
På ein verkstad i Svene i Flesberg har bedrifta utvikla ei ny maskin for å behandla møk. Med vanleg husdyrgjødsel går deler av næringsinnhaldet tapt i gassar som metan og ammoniakk, som er med på å skapa den intense lukta. Den nye maskina utfører ein prosess for å hindra dette.
– Her kjem den ferske møka inn.
Hansson peiker til eit av røra på maskina. Møka går gjennom ein prosess der dei tilset nitrogen og senkar pH-verdien. Dette skal stabilisera møka, fortel han. Nitrogenet som blir lagt til aukar næringsinnhaldet i møka, då grunnstoffet er viktig for plantevekst.
Gjer forsøk på effekten
Selskapet har i tre år gjort feltforsøk på effekten av maskina si. I år gjer dei testar i Noreg og andre land, noko dei har planar om å fortsetta med, fortel Hansson.
– Det held ikkje å seia at det fungerer, me må bevisa det.
So langt viser resultata deira eit potensial for 27 % mindre klimautslepp. Spesielt ammoniakk, som landbruket slepp ut mest av i Noreg, blir kraftig redusert.
Landbruket i Noreg stod, ifølgje Miljødirektoratet, for 4,4 av dei totale utsleppa på 50,3 millionar tonn CO₂-ekvivalentar i 2019. Det er den største kjelda for utslepp av metan, lystgass og ammoniakk. Alle desse gassane gir den nye møka reduserte utslepp av.
– Er det noko me jakter i landbruket akkurat no, so er det gode løysingar, fortel rådgjevar i Noregs Bondelag, Elisabeth Sæther.
Ho trekk fram at det kan vera positivt både økonomisk og klimamessig for bønder å ta i bruk ei slik maskin. Fungerer den bra kan det og redusera bruken av kunstgjødsel.
– So kan ein heller bruka meir av si eiga møk, so er det ei utruleg god løysing for bønder. Men det krev at bruk av teknologien til N2 Applied er konkurransedyktig på pris.
Møk – det nye industrieventyret?
Bedrifta er framleis i oppstarten og går no i gang med siste runde med pilotmaskiner før dei startar med sal.
– Regjeringa er jo oppteken av at me skal skapa nye jobbar i heile landet. Og dette treff veldig godt, skaper nye arbeidsplassar i distriktet.
Teknologien i seg sjølv verkar lovande meiner Raymond Robertsen, statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
– Dette har potensialet til å bli eit nytt industrieventyr i Noreg. Og då kan vi eksportera god og viktig landbruksteknologi.