Hopp til innhold

Ruter vil samarbeide med Buskerud

Kollektivselskapet Ruter ser særs positivt på å utvide samarbeidet med Østfold og Buskerud uavhengig om region Viken blir noko av eller ikkje. Selskapet som i dag er eigd av Oslo og Akershus har allereie samarbeidsløysingar for kollektivtransport i nabofylka. Rutersjef Bernt Reitan Jenssen meiner ein storregion vil gi betre reiseløysingar og eit endå meir fleksibelt sonesystem.

74-bussen
Foto: Victoria Wilden / NRK