Hopp til innhold
Quiz

Prøv deg på dei nye norske orda

Språkrådet finn stadig nye norske ord dei meiner skal avløyse dei engelske låneord me tek inn i språket vårt. Kan du gjette kva slags norske ord språkrådet vil at me skal bruke?

1/10 Pulled pork?

Pulled pork
Foto: DR

Pulled pork har blitt heilt vanleg å sjå på norske restaurantmenyar. Kva slags norsk ord meiner Språkrådet me kunne ha bytta det ut med?

2/10 Spoiler alert?

Game of Thrones-podkasten

Ein ville jo ikkje få «spoila» kva som skjer i dei neste episodane i favorittserien om du ikkje har sett dei. Derfor treng podkastar som «Game of Thrones-podkasten» ein spoiler-alert som åtvarar. Dei har også prøvd seg med det norske avløyserordet. Har du høyrt det?

3/10 Roaming?

Tenåringer sjekker mobilen
Foto: Thomas Brun / NTB scanpix

«Alle» brukar 4G på mobilen i løpet av ein dag. Og ofte må ein vere påpasseleg på å slå av «roaming» når ein er i utlandet. Men kva norsk ord meiner Språkrådet me kan bruke?

4/10 Multitasking?

Jonas Bertelsen
Foto: NRK

Nokon er flinkare til å multitaske enn andre, altså å gjere fleire ting eller oppgåver på ein gong. Som å sjå TV, gjere lekser og lese bok samtidig. Kva kan eit godt norsk ord for det vere?

5/10 Cottage cheese?

Potetpletter med cottage cheese og tyttebær
Foto: Fra TV-serien «Niklas' mat»

Cottage cheese har blitt svært populært som eit eige måltid i seg sjølv eller noko ein brukar for å piffe opp andre måltid. Dei fleste brukar nok det engelske ordet, men finst det eit like godt norsk ord?

6/10 Body?

Trusebluse
Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

Body er eit veldig innarbeidd namn i babykledeverda. Det er ikkje sikkert du har tenkt på at det er eit engelsk ord ein gong. Men Språkrådet har også har eit avløyserord dei meiner kan passe på norsk. Klarer du å gjette kva?

7/10 Lipgloss?

Hedda Bugge tar på seg lipgloss
Foto: Ingrid Henriksen

Sminkebagar er full av engelske ord. Lipgloss er berre eit av dei. Finst det eit betre norsk ord?

8/10 Coleslaw?

Smoky pulled pork med coleslaw
Foto: Fra TV-serien Ei verd av krydder (Spice Trip) / Channel 4

Eit nytt engelsk ord som har gått rett inn på norske hamburgermenyar. Kva vil Språkrådet at du skal bestille saman med plukksvin?

9/10 Tights?

trening
Foto: Daniel Sannum Lauten / VG

Familien Ingebrigtsen brukar store delar av tida si i tronge og tettsittande tights. Kva slags ord vil Språkrådet heller at dei raske brørne skal bruke om beinkleda sine?

10/10 Twintip?

Øystein Bråten
Foto: ISSEI KATO / Reuters

Da Øystein Bråten tok OL-gull i Pyeongchang i fjor kalla han sjølv og alle andre skia hans for «twintip-ski». Det er nok det dei unge i bakken kallar skia med tupp både framme og bak også, men Språkrådet har eit anna forslag. Kva?

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.