Hopp til innhold

Hit reiser 27 pollenflyktningar kvar vår

GEILO (NRK): Elias (10) og Mathias (16) føler ikkje dei klarer å vere seg sjølve om våren heime i Bergen. Heldigvis finst det ein stad der dei kan flykte frå plagene.

Elias og Mathias

POLLENFLYKTNINGAR: Kvar einaste vår får 27 barn med pollenallergi vere eit fire-fem vekers opphald på Geilomo. Her kjem pollensesongen seinare og fjellbjørka gjer at det også mindre pollen generelt i høgda.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Heime i Bergen er det veldig tungt å puste. Da kjenner eg det er tungt med ein gong eg vaknar, men her er det mykje lettare luft.

Elias Fretland Mørner (10) er ein av cirka ein million nordmenn som har ein tyngre vår enn resten. For han og broren Mathias Fretland Mørner (16) er pollensesongen heime i Bergen så ille at dei blir borte frå skule og fritidsaktivitetar.

Syklar på Geilomo

AKTIV: Heime i Bergen merka Elias Fretland Mørner allergiplagene alt i februar og det er tungt å vere så aktiv som han vil. På Geilo blir kvardagen ein heilt anna, og 10-åringen elskar blant anna å sykle.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Her føler eg at eg får pusta ned til lungene, i staden for til halsen som heime, seier storebror Mathias.

Får fem veker på Geilomo

Dei er to av dei 27 barna Geilomo barnesjukehus tek imot til eit fem vekers opphald kvar vår. På 800 meters høgde på Geilo får dei ein heilt annan kvardag enn dei elles ville hatt på denne tida i låglandet.

– Dette er eit veldig unikt tilbod. Me ser at pasientane blir veldig mykje betre med ein gong når dei kjem opp hit. I fjellet er det kaldare og tørrare luft, og pollensesongen kjem seinare, forklarer barnelege ved Geilomo, Mariann Moen Grytdal.

Geilomo

MEDISIN: Kvar morgon og kveld får dei alle allergimedisinane sine og alle blir fylgd opp av helsepersonell.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Fleire og fleire nordmenn får pollenallergi ifølgje Astma- og allergiforbundet. Barnesjukehuset som er spesialisert på allergi og astma har kvart år lange ventelister i pollensesongen og det er langt fleire enn dei 27 barna som får plass, som blir tilvist av legen til eit opphald på Geilo.

Enda fleire burde fått bli pollenflyktningar

– Det hadde vore ein fordel om det hadde vore fleire slike tilbod i Noreg. Det har veldig stor betydning for dei pasientane som får kome dit og det verkar inn på kvardagen, seier Grytdal om barnesjukehuset som er det einaste tilbodet i landet for allergiplaga barn.

Overlege Mariann Moen Grytdal

VIKTIG: Overlege Mariann Moen Grytdal meiner Geilomo er eit unikt og viktig tilbod som det burde vore fleire av. Kvart år barnesjukehuset lange ventelister.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

I dei fire-fem vekene barna er på Geilomo får dei undervisning og fritidsaktivitetar som dei i mange tilfelle ikkje hadde klart å gjennomføre på heimstaden.

For ungane er det alfa og omega å få kome hit. Det betyr at dei får eit mykje betre liv. Sommaren blir betre og dei kan halde på med idrett og aktivitet, seier mor Christine Fretland Mørner.

Får flytta eksamen frå Bergen til Geilo

Eldstesonen Mathias er her for fjerde år på rad og i år får han også ta matteeksamen under opphaldet.

– Eg trur eg kan få ein karakter betre her. Det er lettare å jobbe her på grunn av lufta og at det er mindre pollen.

Eksamen på Geilomo

EKSAMEN: Å øve til matteeksamen blir ei heilt oppleving for 16-år gamle Mathias. Han får ta avgangseksamen i matte på Geilomo, noko han set stor pris på.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Veslebror Elias går berre som sportsidioten blant resten av gjengen. På Geilo kan han vere så aktiv som han helst vil på våren.

– Eg får sove lenger og føler meg meir vaken, seier Elias.

– Det er heilt strålande at det finst eit slik tilbod, legg Mathias til med eit stort glis.