NRK Meny
Normal

Politijuristane sluttar i hopetal: – Fryktar at det vil gå utover rettssikkerheita

Politijuristar forsvinn frå politidistrikta fordi dei er misfornøgd med politireforma. I Drammen har sju påtalejuristar slutta i jobben den siste tida.

Tomme kontor

Walter Småland er tillitsvald for politijuristane i Søndre Buskerud. Han har sett mange juristar pakke sakene sine denne hausten. Nå står fleire kontor tomme.

Foto: Maria Kommandantvold / NRK

– Me fryktar at det vil ta mykje lenger tid å oppklare saker og at færre saker bil bli oppklart, seier Sverre Bromander, leiar for Politijuristane.

I Søndre Buskerud politidistrikt har heile sju påtalejuristar slutta i jobben sidan sommaren. Og trenden er den same i heile landet.

Sverre Bromander, leder av Politijuristene

Politijuristane sluttar fordi arbeidsvilkåra er kraftig endra i den nye politireforma, meiner leiar Sverre Bromander.

Foto: Ola Mjaaland

Klarer ikkje kombinere med familieliv

– Me ser det over heile landet. Reforma treff politidistrikta for fullt nå. Det medfører store utfordringar når det gjeld arbeidsformer, arbeidsbetingelser og ikkje minst løn, seier Bromander om årsaka til at mange sluttar i jobben.

I Drammen er Walter Småland tillitsvald for politijuristane. Han har sett det eine kontoret etter det andre bli tømt.

Mange er misfornøgd med endra arbeidsvilkår som også gjev dårlegare løn.

– Fleire må tole lønsreduksjon fordi dei mistar vakttillegg. I tillegg er det ein ny felles jourordning som er basert på døgnkontinuerleg teneste.

– Det er ein del som ikkje får familielivet til å gå i hop når dei må jobbe kveld, helg og natt, seier Småland.

– Mange opplever kraftig redusert løn på grunn av endra vakttenester. Slik blir det stor misnøye av, seier Bromander.

Tomt kontor

Sju politijuristar har slutta i Drammen sidan sommaren.

Foto: Maria Kommandantvold / NRK

At så mange sluttar gjer leiaren for politijuristane bekymra for rettssikkerheita til folk flest.

– Viss me ikkje tek nødvendige grep for å behalde mange av desse flinke folka som er på veg bort eller har tenkt på det, vil det i verste fall gå utover rettssikkerheita og kampen mot kriminaliteten, meiner Bromander.

– Ei krevjande tid

Det er ikkje leiaren for påtale i Søraust politidistrikt med på.

– Me tek dette på største alvor, men er ikkje med på at det går utover rettssikkerheita. Me set i verk tiltak for at det ikkje skal skje, seier Kjell Johan Abrahamsen.

Han innrømmer likevel at alt ikkje er heilt som det skal.

– Me er i ein mellomfase og det vil medføre noko lengre behandlingstid på ein del straffesaker. Me skal ikkje leggje skjul på at det me står i ein krevjande tid for politiet.