Hopp til innhold

Fekk du med deg «maurdagen»?

Mange har lagt merke til og blitt irriterte av maursverming det siste. Zoolog Petter Bøckman forklarer at sommaren er høgsesong for flygemaur.

– Dei genererer ein ny generasjon av kjønna maur som kan danne nye tuer.

Det seier Petter Bøckman, zoolog ved Naturhistorisk museum.

Han forklarer at dei vanlege maurane ein ser gå omkring, er sterile arbeidarar som ikkje kan formeire seg.

– Derfor lagar dei fruktbare hoer og hannar, som blir kalla dronar. På eit eigna tidspunkt, når dei har fått nok mat og vêret er passe, hiv dei alle ut av tua samtidig.

Petter Bøckman

Petter Bøckman, zoolog ved Naturhistorisk museum.

Foto: Kristian Elster

Ifølge Bøckman skjer dette samtidig for alle tuene i området, noko som resulterer i massesvermingar.

– Maurane flyg rundt, parar seg, og hannane døyr, for det er deira einaste oppgåve. Hoene landar, mistar vengene og prøver å finne ein stad å starte ei ny maurtue.

Derfor skjer dette nå

Ifølge Bøckman bruker maurane ein del tid på å bygge opp nok ressursar til å kunne gjennomføre sverming.

– For dei fleste dyr er formeiring den mest ressurskrevjande oppgåva. Hos maurane er det ikkje kvar enkelt maur som formeirar seg. Det er heile tua som gjer det, og dei treng ein heil sommar på å bygge opp lagera dei treng for å gjennomføre dette.

Derfor flommer maursverming over

Flygemaur kan vere irriterande når dei svermar om sommaren.

Foto: PRIVAT

Han seier at når dette er gjort, må maurane vente til dei er store nok til å fly og til at vêret er rett.

– Når det har vore sånn passe mengde finvêr på rett tid av året, skjer det boom i heile området. Men nå bur vi jo i eit langstrekt land, og det er forskjell på vêret på Lindesnes og på Finnmarkskysten, så «maurdagen» flyttar seg langsamt nordover i løpet av eit par veker.

– Det er ikkje alle som set pris på å ha desse maurane på verandaen sin, for eksempel. Kva kan ein gjere for å halde dei unna?

– Det er i botn og grunn ikkje så mykje å gjere med det. Når det skjer, varer det berre nokre timar. Da er det berre å ha litt is i magen.

Han legg til at når maurane er ferdige med å flakse rundt og dronninga har funne ein stad å slå seg ned, forsvinn dei.

– Maur gjer generelt lite ut av seg, sjølv om dei er mange.

Les også Stor nedgang i insekter

Veps

Samtidig er det tydeleg at maurane ikkje er like gode på å fly som fluger eller fuglar.

– Fluger er svært dyktige til å fly, mens maur er mindre presise i vengeslaga og flyg ikkje like raskt. Av og til klumpar maurane seg saman, krasjar i kvarandre, og kan til og med lande på ansiktet ditt. Dette overraskar mange.

Kjemper for å overleve

Grunnen til at dei uvørdne maurane flyg som dei gjer, er for å unngå å hamne i trøbbel, forklarer Bøckman.

For fuglar og andre dyr betyr nemleg sverming mykje mat på eitt brett. Men fordi maurane sørger for å sverme raskt, minimerer dei risikoen for å bli eten.

– Ved å sverme samtidig reduserer maurane risikoen for at dyr spesialiserer seg på å jakte på dei, seier Bøckman.

Han legg til at i England, der dei følger med på maurdagen, har dei sett måsar som gassar seg på maur og blir så matstinne at dei nesten krasjar i vegen og blir aggressive.

Se fiskene gispe etter luft i Ustevatn

Gransker mysterium: Fiskene kjempet febrilsk for livet