Hopp til innhold

– Utan dei hadde det ikkje vore noko undersøkingskommisjon

STAVANGER (NRK): Torsdag opna ein eigen kommisjon som skal undersøkja alvorlege hendingar i helsevesenet. Det hadde ikkje skjedd utan Unni Tobiassen Lie og Håkon Lie.

Sammen om pasientsikkerhet

Saman har dei jobba for at helsevesenet skal læra av alvorlege feil som skjer.

Foto: Per Håkon Solberg

– Dette er noko me har kjempa for i snart ti år. Det er ein litt uverkeleg følelse at me har komme so langt at det har blitt eit faktum, fortel Unni Tobiassen Lie.

Unni Tobiassen Lie

– Det var litt surrealistisk å stå der under opninga, fortel Unni Tobiassen Lie.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Det er no ti år sidan sonen hennar døde på sjukehuset i etterkant av ein kneoperasjon. Sjølve operasjonen gjekk fint, men han vart liggande utan tilsyn med store mengder smertestillande ifylgje konklusjonen til politiet.

– Det har vore ein lang og tung kamp. Det er ein siger og ein milepæl.

To familiar og mykje pågangsmot

Dei har ikkje vore aleine i kampen. Familien Bistrup mista dottera si i ei anna alvorleg hending i helsevesenet. Helseminister Bent Høie trekk fram at utan desse to familiane hadde det ikkje vore noko undersøkingskommisjon.

Bent Høie

– Det er viktig at dei kan jobba sjølvstendig, seier helseminister Bent Høie om den nye kommisjonen.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Det var deira ide og det har vore deira kamp. Dei har bidrege til å endra norsk helseteneste.

Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgssektoren (UKOM) opna i dag i Stavanger. Oppgåva deira er å undersøkja alvorlege hendingar i helsevesenet.

– Det er for mange i dag som blir skada og døyr som fylgje av feil i helsetenesta. Denne kommisjonen skal bidra til at me lærer av feila, seier helseministeren.

Folk er samla til opning av UKOM

Mange var samla under opninga av Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Skal presentera rapportar offentleg

UKOM skal inn og undersøkja 20 alvorlege hendingar i året. Rapportane frå undersøkingane blir delt med helsetenesta og offentlegheita. Direktøren for den nye kommisjonen, Pål Iden, seier at dei skal anonymisera det dei må slik at det kan presenterast offentleg.

Pål Iden, direktør for UKOM

– Me har ein del tema me allereie har byrja å tenka på, seier direktøren for UKOM, På Iden.

Foto: Eirik Gjesdak / NRK

– Det arbeidet me skal i gang med er noko som vil setta spor i helsetenesta framover. Det er vår klare ambisjon, fortel direktøren.

Kommisjonen har ikkje makt til å ta frå nokon autorisasjon og skal ikkje ta stilling til skyld i sakene dei undersøkjer.

Må snu kvar ein stein

Begge familiane bak initiativet har tydelege oppfordringar til kommisjonen i arbeidet dei skal til med.

Solveig Bistrup

– Eg håpar at pårørande og helsepersonell kan varsla direkte om saker. Det trur eg er veldig viktig, seier Solveig Bistrup.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Dei må vera modige, ikkje tafatte. Dei må inn i sakene og snu kvar ein stein, oppfordrar Solveig Bistrup.

– Ver der det skjer, ikkje sit og vent, seier Tobiassen Lie.

– Det viktigaste er å få sanninga på bordet slik at ein kan skapa læring i helsevesenet.

Når noen dør plutselig på sykehus, er det ikke alltid uunngåelig. Men det kommer sjelden fram om dødsfallet skyldes feil eller brudd på rutiner.
For bare unntaksvis blir det gransket av politiet. (Og Helsetilsynet overlater i stor grad til sykehuset å bestemme sannheten)

Brennpunkt: Døden på sykehuset