Hopp til innhold

Over 40.000 innbyggarar i Buskerud er digitalt sårbare: – Ei utfordring vi må ta på alvor

Åtvarar mot auka risiko for at personar fell utanfor viktige tenestetilbod.

Altinn.no

Digitaliseringsdirektoratet trur at så mange som 850.000 personar i Noreg er sårbare i møte med digitale tenester.

Foto: Altinn.no (skjermbilde)

Digitaliseringsdirektoratet meiner at kvar femte innbyggar over 18 år, over 40.000 personar i Buskerud, er sårbare i møte med offentlege digitale tenester.

Det er Buskerud fylkeskommune som melder dette i ei pressemelding tysdag ettermiddag.

Basert på eksisterande talgrunnlag estimerer Digdir at om lag 20 prosent av den vaksne befolkninga, tilsvarande 850.000 personar, er sårbare i møte med offentlege digitale tenester.

Det betyr auka risiko for at personar eller grupper av personar fell utanfor dette tenestetilbodet, heiter det i presseskrivet.

Hindringane er knytt til:

  • Tilgang
  • Digital kompetanse
  • Helse- og livssituasjon
  • Forvaltningsforståing
  • Språkferdigheiter

– Vi skal bidra til at dei digitale tenestene er tilgjengelege for alle. Når Digitaliseringsdirektoratet reknar med at så mange som kvar femte innbyggar kan vere sårbare i møtet med offentlege digitale tenester, er det ei utfordring vi må ta på alvor, seier Heidi Hovemoen, fylkesbiblioteksjef i Akershus, Buskerud og Østfold.

– Gjer ein kjempejobb med å rettleie folk

Nyleg møttest rettleiarar frå heile landet til ei erfaringssamling om digital inkludering på Lillestrøm.

Dei 80 deltakarane kom blant anna frå bibliotek, servicekontor, innbyggartorg, Nav, UDI og Imdi.

Frå Buskerud var kommunane Drammen, Hole, Kongsberg og Ål representert.

Digitaliseringsdirektoratet gjer merksam på at mange innbyggarar treng kurs og rettleiing i bruk av digitale tenester.

Les også Bank advarer mot svindel: – Utgir seg for å være fra politiet

Gro Havardsgard Storebråten, Runar Fossum

Bibliotek, servicekontor og innbyggartorg er blant dei som kan tilby hjelp.

Men for å gi god rettleiing, treng også rettleiarane å styrke kompetansen sin. I tillegg treng dei å treffast på tvers av sektorar og forvaltningsnivå for å bidra til betre og meir tilgjengelege tenester.

– Biblioteka speler ei svært viktig rolle i dette arbeidet og gjer ein kjempejobb med å rettleie folk i daglege, digitale gjeremål, seier fylkesbiblioteksjefen.

– Rolla vår er å støtte opp om rettleiingsarbeidet til biblioteka. Det gjer vi gjennom prosjekt, nettverk og kompetanseutvikling, avsluttar Heidi Hovemoen.

Arnfinn Ellefsen

Politiets sikkerhetstjeneste: – Vi må ta trusselen på alvor