Hopp til innhold

Opnar alpinbakke på snøen som falt i fjor

Er du sugen på å tjuvstarte alpinsesongen – kan du gjere det allereie førstkommande helg. På Geilo har dei spart på snøen som falt i fjor.

Rekortidlig skiåpning Geilo

20 000 kubikkmeter snø blir spreidd oppover alpinbakken i Havsdalen på Geilo. I tillegg bidreg ein snøfabrikk til rekordtidleg sesongstart.

Foto: Paul Lockhart / Mustasch Media

– Det er mange alpinanlegg som følger nøye med på det vi no gjer her, smiler dagleg leiar i Geilo Holiday, Henning Solhaug.

For under to store spesialpresenningar har skianlegget tatt vare på enorme haugar med snø frå slutten av skisesongen i fjor. Totalt dreier det seg om rundt 20 000 kubikkmeter.

No blir snøen spadd utover skuggesida av Geilohovda, på skianlegget Havsdalen. Eit over 400 meter langt, og minst 30 meter breitt område i alpinbakken blir dekt av det kvite. Vinterkåte alpinistar som tek turen til Geilo denne helga får om lag ein meter med snø under skia.

– Kan vere framtidas løysing på snøfattige vintrar

Skianlegget har og investert i ein moderne snøfabrikk som kan produsere iskrystallar sjølv under særs varme forhold.

– Snømaskinene våre kan faktisk lage snø sjølv med temperaturar opp til 25 varmegradar. Utan at det er ein særleg god ide, seier Solhaug.

Han håper at helgas testopning av skisesongen skal vare heilt til den ordinære sesongen byrjar i slutten av oktober. Men han er ikkje sikker.

– Laurdag opnar vi både for vanlege besøkande og alpinklubbar frå heile landet som ønskjer å få sine første treningsturar på Geilo, seier han.

Nysnø på Geilo

Det er framleis litt opp og fram før Geilo er kledd i nysnø som her. Men kanskje held fjorårets snø fram til sesongstart.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

For å kunne ta skitrekket opp den delen som blir dekt med snø, må skiløparane stå på eit plastdekke for å komme seg opp. Det er ikkje billig å lage skibakke så tidleg i sesongen, fortel leiaren for Geilo Holiday.

– Vi har lært og erfart mykje frå korleis vi tok vare på snøen frå i fjor. Vi trur vi kan gjere det endå betre til neste år. Med snøfattige vintarar som no, kan dette fort bli normalen for korleis ein startar alpinsesongen i Noreg, seier Solhaug.

Men skianlegget er slett ikkje sikre på at snøen held seg kald nok heilt fram til natursnøen lavar ned. For det er meldt lovleg mildt ver framover.

– Vi får berre håpe snøen frå i fjor held til årets snø kjem.

Flere nyheter fra NRK Buskerud