Opna for trafikk på Meheia

Politiet i Sørøst melder at begge bilane som var involvert i frontkollisjonen på E134 på Meheia er frakta vekk. Det er framleis lange køar. Ulukka skjedde etter at den eine bilen ikkje kom seg over i sitt eige køyrefelt etter forbikøyring.