Normal

Ønsker at Buskerud skal vere fem kommunar

Næringslivsorganisasjonen NHO har teikna kartet for Buskerud på nytt. Det består av berre fem kommunar.

NHOs forslag til storkummuner i Buskerud

Dersom næringslivsorganisasjonen NHO får det som dei ønsker blir Noreg delt inn i 77 kommunar i staden for 428 som i dag. Heile Hallingdal blir til ei kommune.

Foto: Hyper AS

Valglogo

– Det er i hovudsak storkommunar som følger dei samarbeidsområda som eksisterer mellom kommunane i dag, seier Per Steinar Jensen, regiondirektør i NHO i Buskerud.

Han meiner at det er på høg tid å få fortgang i samanslåing av 428 kommunar i Noreg. Slik det ender med 77. I Buskerud skal det altså berre vere fem. Til dømes meiner han at dei seks kommunane i Hallingdal bør bli til ei.

Per Steinar Jensen

NHO meiner det er på tide å få fortgang i samanslåing av kommunar, og at det kan vere at Stortinget til slutt må banke reforma i gjennom.

Foto: Maria Kommandantvoll / NRK

– Vår identitet er ikkje knytt til eit kommunehus. Om det blir liggande på Gol vil det framleis vere slik at Geilo vil vere eit sterkt sentrum, Hemsedal vil ha sitt næringsliv. Det handlar om at kommunane skal få trekt til seg fleire godt kvalifiserte fagfolk. Kommunane har langt fleire og krevjande oppgåver i dag enn då dei 428 kommunane blei til, seier han.

Mange kommunar har i dag såkalla interkommunalt samarbeid. Det meiner NHO berre er å gå halve vegen.

– Vi meiner at samarbeidet som er i dag om sams brannkorps, renovasjon og meir viser at ein må gå heile vegen. Kommunane får ikkje til å ha styre desse tenestene saman og sett det bort til styrer. Det er eit demokratisk problem. Det er betre at dei folkevalde i EI stor kommune styrer dette sjølv, seier Jensen.

Ber NHO ta seg ein tur til Flå

Ordfører Tor Egil Buøen

Ordførar i Flå, Tor Egil Buøen torar mot fylkeskartet NHO har teikna. Han meiner næringslivsorganisasjonen har blitt hekta på kommunereforma.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Tor Egil Buøen er ordførar og representerer bygdelista i småkommunen Flå, med rundt 1000 innbyggjarar. Han tenner på alle pluggar over forslaget til kommunekart. Og argumentasjonen bak det.

– Desse agurkundersøkingane til NHO er eg lei av. I Flå har vi ti-tolv søkarar på ledige stillingar som krev høg utdanning. Vi samarbeider rett nok om sams legevakt og anna med andre kommunar, men nyttar nær nitti prosent av budsjettet vårt i eiga kommune. Og på NHO sitt eige kommunebarometer ender vi på åttandeplass i Noreg når det gjeld utvikla næringsliv, seier Buøen.

NHOs forslag til storkummuner i Buskerud

Her ser du inndelinga av Buskerud fylke slik NHO ønsker det skal bli.

Foto: Hyper AS

NHO: – Meir helse og færre byråkratar

Ordføraren i Hol: Skjult agenda frå NHO

NHO seier dei ikkje berre tenker meir effektive, og økonomisk billigare kommunar å drive, med samanslåingane. Dei hevdar at det kan føre til at dei tilsette blir brukt meir andre stadar.

– Noreg har store utfordringar i framtida. Næringslivet treng betre vekstvilkår og eldrebølga er i ferd med å slå inn over oss. Ved å slanke byråkratiet kan vi flytte folk til helsesektoren og å levere betre tenester til innbyggarane.

– Men trur du verkeleg at regjeringa kjem til å halde på talet tilsette dersom så mange kommunehus blir lagt ned?

– Det vil i alle fall bli frigitt ressursar til å gjere meir for folk i kommunane, seier Jensen.

Men Høgre-ordføraren i Hol, Tony Arild Kjøl, meiner NHO seglar under falskt flagg og eigentleg ønsker seg større kommunar for å få meir konkurranseutsetting av tenester. Altså at private aktørar skal konkurrere om vaktmeistertenester, privat helsetilbod og meir til:

– NHO ønsker seg sentralisering for at private skal få gjere større delar av det kommunen gjer i dag. Særleg ute i distrikta. Dei snakkar på vegner av bedriftene dei representerer, ikkje av omsyn til innbyggjarane våre, seier Kjøl.