NRK Meny
Normal

Ny type mottak for motiverte flyktningar

Drammen kommune blir bedt om å opprette ein ny type mottak for flyktningar. Integreringsmottaka skal føre flyktningar raskare ut i samfunnet.

Sylvi Listhaug møter flyktninger

Integreringsminister Sylvi Listhaug fekk støtte frå Stortinget for sitt forslag om å opprette integreringmottak for flyktningar. Det skal bli eit eige tilbod til flyktningar som er motiverte for innsats på heiltid for å komme raskare ut i det norske samfunnslivet.

Foto: NRK

– Ideen er veldig god. Slik at dei som kjem til Noreg får ein anna og betre overgang til det norske samfunnet enn slik dagens mottak fungerer, seier ordførar i Drammen, Tore Opdal Hansen.

Det er Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) som har sendt ut førespurnaden til ti norske kommunar, skriv Kommunal Rapport. Fleire kommunar har allereie konkrete planar om korleis dei skal lage dei nye typane flyktningmottak.

Det var i integreringsmeldinga statsråd Sylvi Listhaug la fram i vår at forslaget om egne integreringsmottak for flyktningar, som er ekstra motiverte for kvalifiseringstiltak på fulltid, vart presentert.

Skal skrive kontrakt

Tore Opdal Hansen

Ordførar Tore O. Hansen er positiv til tanken om eigne spesialmottak for å integrere flyktningar betre og raskare i kommunane.

Foto: Mari Hvamb / NRK

Ifølge Kommunal Rapport skal i første omgang 500 flyktningar veljast ut til å bu på desse mottaka som er på trappene. Her skal dei få karriererettleiing, få utnytte kompetanse dei allereie har og få hjelp til å bli raskare integrert i arbeidsliv og lokalsamfunnet.

Bebuarane må skrive kontrakt om at dei ønsker å følge opplegget, og må flytte ut av mottaket dersom dei bryt kontrakten. Flyktningane som bur og følger opplegget ved integreringsmottaket skal busettast i same kommune etter opphaldet.

Drammen kommune har fått kort frist på å vurdere tilbodet om å opprette slike mottak, IMDi ønsker svar innan 24. august. Førstkommande tysdag skal saka opp i budsjettmøtet i formannskapet i Drammen kommune. Det følgjer med drygt fem millionar kroner til drift av integreringsmottaka rundt om i landet, for siste kvartal av 2016.

– No skal dei folkevalde få seie si meining om denne førespurnaden til veka, men vi skal greie å halde fristen, seier ordførar Hansen.