Hopp til innhold

Northug møter verdseliten for siste gong

Petter Northug får bryne seg mot olympiske meistrar, verdsmeistrar og eit utfordrande føre i Skarverennet laurdag. Det siste skirennet før skikongen er heilt ferdig som toppløpar.

Northug i Janteloppet

Petter Northug gjekk sitt eige skirenn i palmehelga og gjekk da på ein stor smell dei siste kilometrane. Han blei nummer 97 og slått av tre kvinner, nå prøvar han igjen i Skarverennet.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Det er nok det siste skirennet han går mot dei beste i sånn nokolunde form og treningsgrunnlag, seier Odd-Bjørn Hjelmeset, som er ansvarleg for eliteløparane i Skarverennet.

Sjølv om han la opp før jul har Northug vore under kontrakt med skilandslaget heile sesongen.

Når kontrakten går ut i månadsskiftet april/mai betyr det ein endeleg slutt på den profesjonelle skikarrieren og at laurdagens 37 kilometer lange Skarverenn blir det siste skirennet på toppnivå.

Petter Northug legger opp

I desember kom beskjeden om at Northug legg opp som skiløpar. Til sommaren har Northug annonsert at han kjem til å gå enkelte rulleskirenn, men Skarverennet blir det siste som landslagsløpar.

Foto: NRK

Møter Holund, Sundby og Krüger

– Han har nok ikkje nitrena før dette rennet og kjem nesten rett frå Manchester og fotballkamp. Men det er tradisjon for han å gå. Det store spørsmålet er om han kjem over kulen. Om han gjer det kan han henge med lengre enn mange nok har lyst til, seier Hjelmeset og siktar til den tøffe starten med tre harde kilometer oppover.

Northug sjølv melder via Hjelmeset at han gler seg til å gå skirenn.

– Eg gler meg og skal gjere mitt beste, seier Northug.

Feltet han skal prøve å henge på er knallsterkt.

Alle dei tre verdsmeistrane på distanse frå Seefeld-VM står på startstreken: Hans Christer Holund, Martin Johnsrud Sundby og Sjur Røthe, og fjorårets olympiske meister Simen Hegstad Krüger. I tillegg er sterke løparar som Chris Jespersen, skiskyttar Vetle Sjåstad Christiansen og Sindre Bjørnestad Skar på plass.

Bjørgen

Martin Johnsrud Sundby vann den siste utgåva av Skarverennet i 2017 og er nok ein av favorittane også i år. Marit Bjørgen vann kvinneklassa det året.

Foto: Kevin Eik/Skarverennet / NTB scanpix

I kvinneklassa møter Therese Johaug, Ingvild Flugstad Østberg og Astrid Uhrenholdt Jacobsen sterk motstand i finske Krista Pärmäkoski.

Video Skarverennet

Therese Johaug har vunne Skarverennet heile ni gonger og skal gå rennet for fyrste gong sidan 2016.

Foto: Nyhetsspiller

Mildvêr gjev store utfordringar for Skarverennet

– Det er veldig artig at Northug kjem og går sitt siste renn som landslagsløpar i Skarverennet. Han har sagt at han er i dårleg form, men eg er ikkje heilt sikker, seier rennsjef, Jarle Uthus.

Han kan melde at det blir blaute forhold for Northug og dei 12.220 andre skiløparane som skal gå rennet mellom Finse og Ustaoset. Det er meldt regn under rennet og dei siste dagars mildvêr har gjort førebuingane utfordrande for arrangørane. Dei har nå lagt opp røyr og stikkrenner langs løypa slik at snøsmeltinga ikkje skal øydelegge skiløypene.

Skarverennet 24.04.10Video Skarverennet 24.04.10

Slik kan det sjå ut langs Hallingskarvet på ein av dei betre dagane, men årets utgåve vil bli prega av regn og våte forhold.

Foto: NRK

– Våren kom litt brått på oss. Men nå er me sikre på at me skal kunne gje gode forhold. Me saltar dei siste kilometrane og ein del av nedoverbakkane slik at det blir faste forhold slik Northug likar, seier Uthus.

Northug vil ha revansje for United-tap

Den pensjonerte skikongen melder at han er klar for revansje etter at det ikkje har gått heilt vegen på andre idrettsarenaer den siste tida.

– Etter det forsmedelege United-tapet og Rosenborg-starten vil eg reise kjerringa på Skarverennet, seier Northug.