Hopp til innhold

Noregs største graffitivegg

I dag blir Noregs største graffitivegg opna i Drammen hamn. Dei som før vart skulda for hærverk får no drive lovleg kunst over ein 150 meter lang vegg.

Norges største graffitivegg

Skrifta på veggen: Graffitikunstnar Joakim Steen Eggum, kultursjef Tone Ulltveit-Moe og assisterande hamnedirektør Ivar Vannebo gler seg til graffitien blir sloppen fri på 150 meter vegg.

Foto: Raymond Dalen / NRK

Lovleg graffiti og gatekunst var eit prøveprosjekt Drammen kommune sette i gang i februar 2014.

Kultursjef i Drammen kommune, Tone Ulltveit-Moe er stolt over å teste prøveprosjektet ut i stor skala. Ho er i Drammen hamn for å opne opp for graffiti i stor skala.

– Dette gjer vi for å la kunstnarane breie seg ut i god luft med god plass.

– Det er ikkje så lenge sidan denne gjengen vart kjeppjaga rundt fordi dei spraya på veggane?

– Nei men no vel vi å sjå vekk frå det. No ser vi moglegheitene, og nyttar den toårige prøvetida politikarane har vedteke til å teste ut graffiti her. Vi håper veggen blir ein stad folk reiser til for å kike, seier ho.

Norges største graffitivegg

Lerretet kunstnarane har til disposisjon kan trygt seiast å vere stort.

Foto: Raymond Dalen / NRK

Vil vise seg fram

Joakim Steen Eggum klør i fingrane etter å hente sprayboksane frå bagasjerommet i bilen.

– Dette blir kjempespanande. Vi gler oss alle saman. Dette blir Noregs største opne vegg. Her er alt vi treng, vegg, søppelbøtter og god plass. No skal vi vise folk i Drammen kor bra det kan bli. Vi håper at det etter kvart kjem både kjente norske og utanlandske kunstnarar.

Allereie i dag blir dei første sprayboksane tømt over Noregs største utandørs lerret.

Frå ulovleg til velkommen

Graffitivegg

Det er satt ut søppelbøtter for å hindre rot ved Noregs største graffitivegg.

Foto: Raymond Dalen / NRK

Veggen vil vere godt synleg frå Svelvikveien, særleg når lauvet fell frå trea til hausten.

Assisterande hamnedirektør i Drammen Ivar Vannebo har latt kunstnarar frå heile landet bruke veggane på fleire av lagera. Dei er ikkje mykje å sjå på frå før.

– Vi har ein eigna vegg her på skur tre og fire på totalt 150 meter. Tidlegare har det vore ulovleg tagging her, men no kan kunstnarane få lov å lage fine verk. Vi håper dei har ein intern disiplin som gjer at resultatet blir bra, seier Vannebo.