NRK Meny
Normal

Elias går i 11. klasse: – Vidaregåande ville blitt for vanskeleg

I Drammen tilbyr dei eit ekstra år etter ungdomsskulen for dei som ikkje er klare for vidaregåande. NHO vil at tilbodet om ekstra frivillig skuleår skal testes over heile landet.

11.klassingar

Elias Hassani hadde valet mellom eit ekstra år på grunnskulen eller å gå rett til vidaregåande.

Foto: Svein Ommundsen / NRK

– Om eg hadde gått på vidaregåande nå ville det blitt vanskeleg for meg på grunn av språket. Eg hadde ikkje hatt tid til å notere det eg ikkje forstår.

Elias Hassani frå Afghanistan har berre vore i Noreg i snaue to år.

I fjor fekk 16-åringen valet mellom å starte på vidaregåande eller å ta eit år ekstra på ungdomsskulen.

Det er Drammen den einaste kommunen i landet til å tilby.

– Vi må tåle dropouts

Viktig tilbod

– For mange går ut av grunnskulen utan nødvendig basiskompetanse. Det må me erkjenne og me må prøve nye ting for å legge betre til rette. Da er det dette tilbode utruleg positivt, seier NHO-direktør, Kristin Skogen Lund.

Skogen Lund møter elevar

Kristin Skogen Lund fekk høyre kvifor desse tre elevane trengde eit ekstra skuleår.

Foto: Fabian Skalleberg Nilsen / NRK

Ho besøkte UNG 11-prosjektet i Drammen i dag. Rundt eit bord fekk ho møte tre av elevane som trengde eit år ekstra før grunnskulen var over.

Silje Lielantz trengde å bli tryggare fagleg og på seg sjølv, før ho starta på vidaregåande.

– På ungdomsskulen var det vanskeleg å få hjelp, og eg sat ofte lenge før eg fekk hjelp. Det treng eg ikkje her, her får eg veldig god oppfylging.

Ho drøymer om å bli togkonduktør.

Klassekameraten Elias har også ein stor yrkesdraum.

– Eg drøymer om å bli politi, eg er veldig glad i å jobbe med menneske, fortel Elias.

Kva slags type er du?

På UNG 11 får elevane tett oppfylging i ei klasse på berre 10 elevar. Her skal dei mellom anna finne ut kva slags typar dei er som personar og kva slags veg dei bør gå.

Foto: Fabian Skalleberg Nilsen / NRK

Nye tal syner at færre sluttar på vidaregåande

Både flyktningar og norske 16-åringar

I tillegg til norske 16-åringar er tanken bak UNG 11 å fange opp nykomne flyktningungdommar som treng tid til å lære seg norsk før dei tek til på vidaregåande opplæring.

27 prosent av elevane i den vidaregåande skulen klarer ikkje å gjennomføre skulen på normert vis. NHO-direktøren er glad for at kommunen tek fråfallsproblematikken på alvor.

– Det er viktig å fange opp ungdommar som treng litt meir tid og meir oppfylging. Slik kan enda fleire kome seg gjennom vidaregåande og ut i jobb.

Dei håpar at prosjektet om eit ekstra skuleår kan bli eit varig tilbod over heile landet.

– Me veit at fleire kommunar har meldt interesse. Desse ungdommane vil bli fylgd tett opp og ser me at det gjev ynskt effekt, håpar me at dette kan bli eit permanent tilbod til veldig mange fleire enn desse elevane i Drammen, seier Lund.

Elias

16-åringen frå Afghanistan lærer norsk av både medelevar og lærarane.

Foto: Svein Ommundsen / NRK

Elias er iallfall sikker på at dette året vil gjere han betre rusta for neste år.

– Eg lærer mykje norsk både av medelevane og lærarane. Her får eg betre tid til å lære og spørje om det er noko eg ikkje forstår.