Hopp til innhold

Utøya-kommunen vil ikkje ha minnesmerke

Hole kommune seier nei til å ta i mot minnesmerke over 22. juli-ofra, sjølv om Utøya ligg nettopp her. – Av omsyn til dei pårørande, seier ordføraren

Utøya og minnesmerke

Dette kunstverket, laga av Nico Widerberg, vil ein anonym givar gi dei kommunane som mista nokon av sine 22. juli.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold/Nico Widerberg / Scanpix

– Mange er framleis i ein sorgprosess, fortel ordførar i Hole, Per Berger (H), og legg til at hendinga på Utøya enno ligg veldig nært i tid, og dei pårørande i kommunen har gitt uttrykk for at det er altfor tidleg for dei å halde seg til eit minnesmerke allereie no.

Per Berger (H)

Ordførar Per Berger (H) vil ikkje ha minnesmerket frå anonym givar.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Anonym gåve

Innan 10. februar må 56 kommunar bestemme seg om dei vil ta i mot gåva frå ein anonym givar, ein skulptur laga av Nico Widerberg. Skulpturen skal avdukast i alle kommunar på eittårsdagen til 22. juli, som eit minne over dei som mista livet.

Ordføraren synest sjølv det har vore vanskeleg å ta stilling til denne gåva, men etter å ha rådført seg med kommunestyret, har han no endeleg bestemt seg for å takke nei.

– Det er jo ille å seie nei til ei gåve, men omsynet til dei pårørande veg tungt, seier Berger. Dessutan er det vanskeleg å plassere ein slik skulptur før me veit kor i kommunen vår det nasjonale minnesmerke skal stå.

Artikkelen held fram under biletet.

Minnesmerket / Widerberg

Nico Widerberg har laga minnesmerket over dei som mista livet 22. juli

Foto: Nico Widerberg / Erlend Aas/Scanpix

Nasjonalt minnesmerke

Omtrent samstundes med at tilbodet frå den anonyme givaren kom, bestemte Regjeringa at det skulle settast opp to nasjonale minnesmerke over 22. juli. Eit i Oslo og eit i Hole. Minnesmerka skal heidre omkomne, overlevande, hjelpemannskap og frivillige.

Ei nasjonal styringsgruppe vart oppretta for å sjå på utforminga av minnesmerka og kor dei skal plasserast. Gruppa, som blir leia av Åse Kleveland, skal leggje fram sitt forslag til Kulturdepartementet innan 1. april.

– Dette minnesmerket skal ikkje settast opp i år, men når tida er moden for det. Det kan dreie seg om mange år fram i tid, trur ordføraren, som fortel at styringsgruppa allereie har gjesta kommunen fleire gonger for å sjå på stader dette merket kan plasserast.

Vinter på Utøya

Utøya ligg i Hole kommune

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Dei fleste takkar ja

Det er KS, kommunesektorens organisasjon, som administrerer gåveutdelinga frå den anonyme givaren. Førebels er det ingen andre enn Hole og Oslo som har signalisert at dei takkar nei, opplyser presseansvarleg i KS, Kjell Erik Saure.

– Mange har allereie takka ja og nokon har bede om å få vente med å bestemme seg til dei har fått avvikla neste kommunestyremøte, seier Saure.

Holeordføraren har ikkje rådført seg med andre ordførarar enn Fabian Stang i Oslo. Det ser ut som begge desse kommunane følgjer kvarandre. Dei vil prioritere det nasjonale minnesmerket, og ta omsyn til dei pårørande og bruke tid når det gjeld eventuelle andre minnesmerke.

– Er det eit problem at givaren er anonym?

– Det er nok nokon som kjenner seg litt usikre når det gjeld akkurat dette, men kommunen har ikkje lagt vekt på den problematikken då, seier Berger.

– Som åstad for dei grufulle hendingane, vil jo også Utøya alltid liggje der som eit minnesmerke i seg sjølv, fastslår ordføraren.

Roser ved Utøya

Utøya, eit minnesmerke i seg sjølv

Foto: Tordis Gauteplass / NRK