– Natursnø held ikkje mål

Trass i den mest snørike vinteren på mange år, har arrangørane av sprinten i Drammen produsert all snøen som ligg i løypa. Naturvernforbundet synest det er merkeleg.

Arne Madsen med kunstsnø

Fredag starta køyringa av snø frå Konnerud til skisprintløypa midt i Drammen. Arne Madsen viser at kunstsnøen er hardare enn vanleg snø.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

– Du kjenner jo at dette er betong. Du kjenner forskjellen frå naturleg snø. Det her blir fine forhold.

Over 200 lastebillass med kunstsnø

Skisprintsjefen, Arne Madsen, tek opp ein knallhard snøklump på Bragernes torg i Drammen. Eit av over 200 lass med snø har akkurat komen til byen frå skistadion på Konnerud.

Der det ligg langt over halvanna meter med heilt naturleg snø etter den mest snørike vinteren på mange år.

Snø på torget til sprinten

17 mann er i sving for å få 220 lass med produsert snø frå Konnerud til byen.

Foto: Harald Indrehaug / NRK

Men det er ikkje den snøen som blir henta til sprintløypa der Johannes Høsflot Klæbo og Maiken Caspersen Falla skal spurte om sigeren i gatene i Drammen.

– Nei, alt dette har me produsert sjølv på Konnerud. Me brukar litt av snøen i byen under, mens kunstsnøen må ligge oppå, seier Madsen.

Bør kunne ha alternativ

Naturvernforbundet i Buskerud har fått med seg lastebillassa med kunstsnø som har blitt dumpa i byen dei siste dagane.

Dei reagerer på at arrangørane produserer snø i ein så snørik vinter.

– Me synest det er underleg at dei ikkje klarer å kome opp med ei anna løysing i år som det er så utruleg med snø. Ein har jo hatt problem med å bli kvitt snøen og har tippa den i elva, seier fylkesleiar i Buskerud, Martin Lindal.

– Det er veldig energikrevjande å produsere så mykje snø, legg han til.

Drenerer betre

Men sjølv om ein knapt kan hugse sist gradestokken viste varmegrader på Austlandet, ville det vore vanskeleg å få til skisprint i byen med såkalla villsnø.

– Det hadde ikkje gått. Me veit jo heller ikkje korleis vêret blir når me produserer. Me må produsere så mykje snø så alt kan vere kunstsnø. Skulle det regne på onsdag ville natursnøen forsvunne, mens kunstsnøen drenerer regnet mykje betre og held lengre.

Skisprint Drammen

Sprinten i Drammen blei for fyrste gong arrangert i 2003 og med 15.000-20.000 tilskodarar kvart år er eit av renna med mest publikum i verdscupen i langrenn.

Foto: Eivind Bulie / NRK

Han kan forstå at folk synest det er merkeleg å bruke store ressursar og straum på å produsere så mykje snø, i ein snørik vinter. Men når verdseliten kjem til byen, må også løypene ha verdsklassekvalitet.

– Skal me ha skisprinten i Drammen så er me faktisk nøydd til å køyre snø. Kunstsnøen er hardare og gjev panserspor. Drammen har vore kjent for bestandig å ha flotte forhold og kvite løyper, i forhold til andre stader nedover i Europa der det har vore ordentleg sørpeføre, seier Madsen.

Naturvernforbundet forstår at løypene må ha toppkvalitet, men meiner ein burde ha sett på alternativ.

– Løypene ville kanskje ikkje fått den same kvaliteten, men ein kunne lagt eit lag med kunstsnø øvst og hovudsakleg brukt natursnø. Eg synest det er rart at dei ikkje har alternativ, seier Lindal.

Brandsdal og Klæbo i Drammen

I år er det 15-årsjubileum for verdscupsprinten i Drammen. I fjor blei Johannes Høsflot Klæbo nummer to bak Eirik Brandsdal. I år jaktar han sin fyrste siger i løypa som berre inneheld kunstsnø.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix