– Tidlegare var det ikkje aktuelt på grunn av rekkjevidda, men nå køyrer eg rundt på jobb i heile Hallingdal utan problem.
Ikkje på grunn av miljøet
Karianne Østro og familien hadde eigentleg ikkje tenkt på elbil da dei måtte ha ny bil. Å sleppe bomavgift og køyre i kollektivfelt har ikkje så mykje å seie når ein bur i distriktet.
Til slutt fann tobarnsfamilien på Gol likevel ut at det var det beste valet.
– Eg burde vel sagt at det fyrst og fremst var på grunn av miljøet, men eg må vere ærleg å seie at det mest var på grunn av økonomien.
Størst vekst i Oppland
Familien er absolutt ikkje aleine om å køyre elektrisk på bygda om dagen.
I Buskerud er 25 prosent av bilane som har blitt selde til nå i 2018, elbilar.
Det er ein auke på 60,4 prosent frå same periode i fjor. Det har gått frå 356 bilar i fjor til 671 bilar i år.
Eit distriktsfylke som Oppland er det einaste fylket som har større auke frå fjoråret, med heile 75,3 prosent.
Der er 163 elbilar seld til nå i år, mot 93 i fjor, viser tal frå opplysningsrådet for vegtrafikken.
– Me ser at veksten i dei mindre kommunane har vore mykje større enn i byane, seier Ståle Frydenlund, kommunikasjonsrådgjevar i Elbilforeininga.
Utsjånaden viktig på bygda
Helene Rustberggard er dagleg leiar på Gol auto. Frå i haust har ho seld godt over 100 elbilar av den mest populære modellen til hallingdølar og hyttefolk.
Ho trur ei av årsakene til veksten er at utsjånaden har blitt meir lik vanlege bilar.
– I byane selde dei av seg sjølv fordi det var elbil. Her oppe betyr det nok meir at elbilane har endra utsjånaden og blitt tøffare. Dei kler distriktet meir nå, meiner Rustberggard.
Må planlegge meir enn før
Auken i elbilsalet skjer også i ein bilmarknad med ein nedgang på 11,6 prosent i år.
Landssjef i Nissan, Anders Mamen-Lund har landets mest populære bil. Han kan ikkje love lenger rekkjevidd på dei neste bilane, men vil gje kundane fleire modellar å velje i.
– Bilane våre har nå kome opp på ei rekkjevidd som fungerer for dei fleste familiar. Framover blir det fleire bilar og me er sikre på at auken vil halde fram, seier Mamen-Lund.
Familien Østro er iallfall fornøgd etter halvanna månad med elbil.
– Ein må planlegge litt meir enn før, men fram og tilbake på jobb og taxikøyring med ungar til aktivitetar på kveldstid, fungerer fint også på bygda, seier Østro.