– Myntproduksjonen på oppdrag for Noregs Bank er sterkt minkande og mottatte bestillingar for tida framover betydeleg færre, fortel myntmeister og administrerande direktør for Myntverket, Kjell Wessel.
Elektroniske betalingar vinn terreng på kostnad av kontantar, og dette påverkar naturleg nok myntbehovet, skriv Det Norske Myntverket i ei pressemelding.
Tradisjonsrik myntproduksjon
Det Norske Myntverket er ei av dei eldste bedriftene vi har i landet, og vart grunnlagt i 1686. Selskapet pregar all norsk mynt som er i omløp, og lagar blant anna Nobels fredsprismedalje.
Det blir ifølge Wessel òg gitt ut færre minnemynter i edelt metall enn tidlegare. I motsetnad til mange andre myntverk og nasjonalbankar i verda som har heldt oppe og auka produksjonen av minnemyntar, så har Noregs Bank dei seinare årene redusert produksjonen av norske minnemyntar til eit minimum, skriv Myntverket i pressemeldinga.
Tillitsvald Espen Hægh seier dei tilsette er matte etter dagens møte med leiinga.
– Det kan bli vanskeleg å få seg anna jobb i den marknaden som er på Kongsberg no.
– Er det liv laga for norsk myntproduksjon?
– Ja, sidan det svenske myntverket allereie har lagt ned, og den danske myntproduksjonen bli lagt ned etter nyttår, burde det vere moglegheiter for Myntverket på Kongsberg, seier han.
Etter det NRK erfarer ønsker styret å kutte inntil sju stillingar i dagens bemanning på 16 tilsette.
Mindre kontantbruk
Ifølge Noregs Bank er det i dag rundt 50 milliardar kroner i kontantar i omløp, noko som berre er seks prosent av den samla verdien av betalingsmiddel som befolkninga disponerer. Uttaka frå minibankane har falt kvart år sidan 2007. I 2014 vart det gjort 55,7 millionar uttak frå minibankar i Norge. Dette er 17 % færre uttak enn året før.
Kai A. Olsen, professor ved Høgskolen i Molde og Universitetet i Bergen laga ein rapport om kontantbruk for NHO reiseliv i 2015.
Rapporten viser at kontantdelen av omsetnaden i bransjen har gått ned frå 40 til 18 % på fem år.