Hopp til innhold

– Ho fortener at eg er modig

Vanessa Svebakk frå Drammen mista dottera på Utøya. Sharidyn blei 14 år gamal, og den yngste som mista livet under terroraksjonane. – Sharidyn var ei modig jente. Ho fortener at eg er like modig.

Vanessa Svebakk

Vanessa Svebakk reiser til Oslo og fengslingsmøtet i dag.

Foto: Idar Krogstad / NRK

Beate Vatndal mista og dotter si. Benedichte blei 15 år. I dag tek dei begge toget til Oslo for å sjå Anders Behring Breivik for første gong. Men først og fremst for å vise at det ikkje handlar om han. Dei er foreldre som elska sine born.

– Eg har vurdert det fram og tilbake. Før det første fengslingsmøtet var eg ikkje klar til å vere der. No har eg fordøya inntrykka og kjenslene litt betre, og reiser inn. For Benedichte si skuld, seier Beate Vatndal.

Begravelse Sharidyn Svebakk-Bøhn

Då Sharidyn Svebakk-Bøhn blei gravlagt, bar alle lyse klede.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

På toget inn mot Oslo kjem ho til å sitje saman med nettopp Vanessa Svebakk. Då hennar dotter Sharidyn blei gravlagt i Drammen, var alle kledd i lyse fargar. Seremonien heidra den viljesterke jenta som blei kalla Sissi mellom vennar.

– Sharidyn var ei særs modig jente, ho fortener at eg er like modig. Difor reiser eg til tingretten, for at gjerningsmannen skal sjå at borna vi mista har foreldre som elskar dei så høgt. Eg er ikkje redd for å sjå han, men eg er redd for korleis reaksjonen min blir etterpå.

– Grotesk interesse for Behring Breivik

Beate Vatndal er skuffa over det ho meiner er førehandsprosedering i media, lenge før hovudforhandlingane, sjølve rettssaka har byrja.

Beate Vatndal

Beate Vatndal er lei av å sjå bilete av gjerningsmannen.

Foto: Rune Christoffer Holm / NRK

– Eg ser at media dekker seg bak at folk har behov for å vite mest mogleg, men det er eg ikkje så sikker på. Mange seier at dei er lei av å sjå bilete av, og lese om terroristen.

Før dagens fengslingsmøte, får pressa lov til å ta bilete av Behring Breivik. Ifølgje forsvarar Geir Lippestad, har gjerningsmannen godtatt dette fordi det kjem til å bli tatt bilete av han under sjølve rettssaka frå 16. april, og at han difor opnar for fotografering allereie no. Det blir i så fall dei første nye bileta av han sidan rekonstruksjonen på Utøya.

– Det er tungt å sjå bilete av han kvar dag. Slik har det vore sidan 22. juli, seier Vanessa Svebakk.

– Det som er verst er alle som skal uttale seg om han. Men kanskje er eg litt blind for dette. Eg står så i smerta kvar dag. Kanskje er det norske folk, som ikkje har dette så nært på kroppen, klar for å vite mykje meir.

Vondt i magen

– Nokre gongar gruer eg meg så til sjølve rettssaka 16. april at eg nesten kastar opp. Andre gongar går det greiare.

Beate Vatndal var ein av initiativtakarane til støttegruppa etter 22. juli i Vestfold, no leiar ho den. Ho har hatt godt av å hjelpe til med å samle dei andre som lever med smertene etter terrorhandlingane kvar dag.

– Kanskje er det og for å førebu meg på den lange rettssaka eg reiser til fengslingsmøtet i dag. Men det er først og fremst for Benedichte. Slik tenker og Vanessa Svebakk.

– For folk som ikkje har opplevd dette tapet er det nok vanskeleg å forstå kva vi går gjennom. Vår kvardag er prega av bistandsadvokatar, rettsprosessar og mediehandtering. Vi må leve med smerta kvar dag. Og komme oss gjennom kvardagen, seier Svebakk.

– Sharidyn har to søstrer som treng oss. Mora omtaler som regel dottera som ei som framleis er her.

– Sharidyn er her, ho lever vidare.

Oslo tingrett

Dei to etterlatne mødrene reiser til Oslo tingrett i dag.

Foto: Grøtt, Vegard / Scanpix

Fengslingsmøte i dag

I dag blir Anders Behring Breivik framstilt for vidare fengsling for siste gong før hovudforhandlingane byrjar 16. april. Minst 80 etterlatne og pårørande kjem til å følgje fengslingsmøtet, saman med overlevande og journalistar frå nær femti norske og utanlandske media.

Etter fengslinga kl 12.30 skal Svebakk og Vatndal setje seg ned og snakke saman.

– Kanskje treffer vi andre etterlatne etterpå, men vi har ikkje organisert noko.

Først skal dei inn i rettssalen for å vise at borna deira er elska så høgt.