Mista troperekorden til nabokommunen

GULSVIK/NEDRE EGGEDAL/OSLO (NRK): Meteorologisk institutt har snudd og godkjenner ikkje målestasjonen på Gulsvik. Troperekorden går då til nabokommunen.

Ein familie nyt finvêret i Sigdal

TROPEREKORDEN: Nedre Eggedal i Sigdal kommune har teke rekorden med 26 tropedagar.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Me har bestemt oss for å ikkje telja rekordar der, som til dømes tropedagar, fortel statsmeteorolog John Smits.

Gulsvik i Flå kommune var på god veg til rekorden for tropedagar gjennom ein sommar. Målestasjonen ved den gamle togstasjonen måla 31 tropedagar so langt og kom til å slå den gamle rekorden frå 1955 i Kongsberg på 18 dagar.

Statsmeterolog John Smits framfor arbeidsplassen

TROPEREKORDEN: Statsmeteorolog John Smits fortel at rekorden for tropedagar går til Nedre Eggedal i Sigdal.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

– Det har vore mange tropedagar på Gulsvik, men problemet er at me ikkje kan godkjenna dei då kvaliteten på målestasjonen ikkje er god.

Tidlegare i sommar vart målestasjonen sett i karantene då betongblokker og sand låg for tett opp mot den. Flå kommune og Bane NOR tok då tak i problemet. Dei fjerna betongblokkene og la nytt gras under målaren. Men det var framleis ikkje godt nok.

– Grushaugar, bygg og tett skog i nærleiken gjer at det blir eit magasin med varme der, som gir nokre tidelar ekstra. Det blir ei form for temperaturdoping, fortel Smits.

Målestasjonen på Gulsvik

IKKJE GODKJEND: Her ligg grushaugar og tre for tett på målestasjonen.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

Spanderer is på innbyggjarane

Men sjølv om varmerekorden er tapt for Flå, får nabokommunen godkjenning frå meteorologen.

Anne Kristine Norman

NØGD MED REKORD: Ordførar i Sigdal, Anne Kristine Norman, tykkjer det er moro med troperekord.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– I Nedre Eggedal i Sigdal er me sikre på at det har vore 26 tropedagar so langt i sommar. Det er ny rekord på tal tropedagar på ein stad over ein sommar.

Anne Kristine Norman er ordførar i Sigdal og nøgd med at rekorden kjem til dei.

– Rekordar er alltid moro det. Eg vil seia at heile bygda, heilt frå fjellet og heilt ut, har vore utruleg varm i sommar. Her har me fine vintrar og varme somrar, so det kan ikkje bli so mykje betre.

Når godvêret tok til sette kommunen opp ein godvêrskiosk på badeplassen ved fjorden. Der lova dei å spandera is på innbyggjarane når temperaturen gjekk over 30 grader.

– Då trudde eg at det kom til å vara i to-tre dagar, men det vara heile juli, ler Normann.

Målestasjonen i Sigdal

GODKJEND: Her er målestasjonen som no har teke rekorden.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Folk er meir opptekne av Bjørneparken

– Eg trur folk er meir opptekne av besøksrekord i Bjørneparken enn om det blir varmerekord på Gulsvik, seier Tor Egil Buøen, ordførar i Flå.

Det er Bane NOR som eig målestasjonen i Gulsvik, men sjølv om dei og kommunen gjekk saman for å betre den er ikkje ordføraren trist over å mista rekorden.

Tor Egil Buøen

KLARE TIL NESTE ÅR: Ordførar i Flå, Tor Egil Buøen, kan still med ny plen til neste år.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Eg trur ikkje det kjem fleire for å kjøpe hyttetomter på Flå på grunn av at me har hatt so og so mange tropedagar. Det kjem vel heller færre besøkjande i Bjørneparken når det er so varmt.

Men han er klar for å auke sjansane for ny rekord til neste år.

– Me er klare med ny plen om det er det som skal til.