Normal

Mista synet - inspirerte prinsessa

Sven Runar Knutsen frå Krokstadelva køyrde buss i 30 år. For fire og et halvt år sidan mista han mykje av synet etter et hjerneslag. I dag imponerte han prinsesse Märtha Louise.

Prinsesse Märta Louise og Sven Runar Knutsen

Det har vore ein lang kamp for Sven Runar Knutsen for å tru på livet og glede seg over det, etter å ha blitt synshemma. I dag inspirerer han andre – og hogger ved.

Foto: Norges Blindeforbund

– Eg hadde hatt plagar med migrene og ein dag gjekk det ikkje over. Då eg vakna om morgonen skjønte eg at no kunne det vere noko meir, fortel Knutsen om dei tunge dagane for fire år sidan.

Etter fleire rundar med hovudsmerter blei det konstatert at han hadde hatt fleire blødingar. Han mista store delar av synet.

– Det gjekk ikkje skikkeleg opp for meg kor alvorleg dette var. Folk kommenterte at eg såg frisk ut, seier han.

Bussjåføren som elska jobben sin kunne brått ikkje lese. Han kunne ikkje køyre bil lenger. Han gløymde kor han budde. Han vart deprimert og tenkte på å gjere slutt på alt. Det var kona som skjønte at dette kunne gå gale. Etter behandling og opptrening kom han i kontakt med Blindeforbundet.

Prinsesse Märtha Louise

Prinsesse Märtha Louise er Blindeforbundet sin vernar, og gleda seg over tilbodet dei synshemma får ved meistringssenteret.

Foto: Norges Blindeforbund

Prinsessa vart inspirert og imponert

I dag møtte Knutsen prinsesse Märtha Louise på Hurdal syn- og meistringssenter. Prinsessa er Blindeforbundets vernar. Ho fekk høyre historia hans og den gjorde inntrykk.

– Eg vil oppfordre, spesielt svaksynte, om å komme hit og oppleve å få livet tilbake. Eg møtte mange synshemma her i dag som har delt sin historie med meg, fortalde ho.

I dag motiverer han andre – og hogger ved

Sven Runar Knutsen er i dag kursleiar og inspirator for andre blinde og svaksynte. Han jobbar som såkalla likemann, og loser dei som er i første fase av det å leve med synshemming inn i ei meir positiv innstilling til livet og kvardagen.

– Eg får forme kursa sjølv, og prøver å fortelje om dei fasane eg sjølv har vore gjennom, seier han.

– Korleis endrar livet seg?

– Du kan eigentleg gjere det meste som du gjorde før. Men på ein annan måte. Det er det eg fortel dei som har blitt blinde eller synshemma.

Knutsen jobbar delvis som vaktmeister på Hurdal syn- og meistringssenter, i tillegg til å vere kursleiar. Og heime har han, trass protester frå kona, lært seg å handtere på sag og øks igjen. Han kan så smått sjå, men har eit særs avgrensa synsfelt.

– Medan eg sikta midt på kubben før, har eg lært meg å sikte meir til venstre no. Då blir veden kløyvd slik den skal, flirer han.