Hopp til innhold

Mista livet etter brann i Hønefoss

Ein mann i 80-åra er bekrefta død etter ein brann i eit hus i Hønefoss.

Røyk ut av vindauge på hus
Foto: Ole Edvin Tangen

Politiet fekk melding om røyk frå ei pipe rundt klokka 10.30 i dag. Røykdykkarar tok seg inn i huset der dei fant mannen, men livet hans var ikkje til å redda. Politiet har varsla familien.

– Det var berre ein person registrert på adressa, fortel operasjonsleiar i Sør-Øst politidistrikt, Trond Egil Groth.

Røykdykkarane har leita gjennom huset og det er ikkje mistanke om at nokon andre er der inne.

Uvisst årsak

Politiet og brannvesenet er framleis på staden. Brannen har blussa opp litt under sløkkingsarbeidet men brannvesenet skal ha kontroll på brannen.

Groth ventar at politiet ikkje får ta seg inn i huset for å gjera undersøkingar før tidlegast i morgon.

– Det er alt for tidleg å seia noko om årsaka til brannen, fortel operasjonsleiaren.