NRK Meny
Normal

Hobbyarkeologar blir melde til politiet etter historiske vikingfunn

Ole Johan Fuglerud og Joakim Gulbæk var strålande fornøgde med å ha funne ein vikingskatt frå 800-talet. Nå er dei melde for brot på kulturminnelova.

Hobbyarkeologar

Området dei to leita med metalldetektor på i Hole er kjent for fleire historiske funn. Fylkeskonservatoren meiner dei to bør ha visst at dei kunne finne svært gamle gjenstandar.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Tidlegare tysdag fortalde NRK om barndomskompisane som fann vikingmyntar frå 800-talet like etter at dei begynte å søkje med metalldetektor.

Slutta da dei skjønte funnet var stort

Nå varslar Buskeurd fylkeskommune at dei vil kome til å melde dei to til politiet for brot på kulturminnelova.

Det forstår dei to lite av.

– Me har jo prøvd å gjere alt så riktig som mogleg. Me slutta jo med ein gong da me skjønte det kunne vere eit viktig historisk funn, seier Ole Johan Fuglerud.

Vikingfunn

Slik såg myntane dei to fann. Ei av dei er det som blir sett på som Danmarks eldste mynt.

Foto: Privat

Må ringe med ein gong

I paragraf 3 i kulturminnelova heiter det mellom anna at ingen må sette i gang tiltak som kan skade automatisk freda kulturminne.

Det er dette fylkeskommunen meiner dei to kameratane har gjort når dei har grave, vaska myntane og tatt dei med seg heim.

– Når ein finn slike type kulturminne skal ein ikkje gjere nokon ting. Ein skal leggje ned spaden og metallsøkjaren og ringe fylkeskommunen. Slik me vurderer det har dette ikkje blitt gjort her og vil difor kome til å melde dei til politiet, seier fylkeskonservator Turid Kolstadløkken.

Vikingmynt

Slik såg myntane ut da Ole Johan og Joakim hadde tatt dei med heim og fått vaska dei.

Foto: Privat

Er det ikkje forståeleg at dei to ikkje skjønte kva dei hadde funne?

– Ikkje når ein søkjer så tett opptil kjente automatisk freda kulturminne. Alle som driv med metallsøking pliktar å setje seg inn i regelverket, seier Kolstadløkken og legg til.

– Bakgrunnen er at dette er svært verdifulle kulturminne. Ofte er slike funn den einaste kjelda til kunnskap om ein historisk epoke. Da er me oppteken av konteksten rundt. Ikkje berre gjenstandane, men også jorda og kanskje organisk materiale på funnstaden som ikkje er synlege, forklarer fylkeskonservatoren.

Skal ta konsekvensane

Hobbyarkeologane meiner at dei ikkje kunne latt dei åtte myntane, skålspennene og perlene ligge att på funnstaden i Hole.

– Me kunne jo ikkje berre la det ligge att heller. Me la jorda tilbake over funnstaden, slik at det ikkje skulle vere oppi ljos og luft. Arkeologar og utdanning i dette er og har me jo ikkje, men me meiner det ikkje har blitt øydelagt noko historisk, seier Gulbæk.

Vikingfunna blei overlevert til fylkesarkeologen måndag.

Ole Johan hobbyarkeolog

Ole Johan Fuglerud hadde berre drive med hobbyen eit par veker før han fann vikingmyntane. Men trass i meldinga til politiet vil han ikkje slutte med søkinga.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Kameratane innrømmer at alt ikkje har skjedd etter kulturminnelova, men reagerer på at dei kan bli straffa.

– Sjølvsagt lærer me av dette. Me er ærlege og skal ta konsekvensane, men me reagerer på at me blir meldt for saka. Her har me jo prøvd å gjere alt så riktig som mogleg, seier Fuglerud.