– Her har eg utsikt mot heile biblioteket og ned mot kantina. Alle elevane kan sjå når eg er her og veit at eg er tilgjengeleg.
Mattelærar Tor Arne Smith Fremming viser oss kontorplassen i tredje etasje på Drammen vidaregåande. Hit flytta han ut til for nokre veker sidan og her blir han sett av alle skulens 1300 elevar om dei er i fellesområda.
Han var lei av å ikkje sjå elevane utanom timane og følte terskelen for å banke på kontoret han deler med lærarteamet var høg.
– Det skjedde nesten aldri, i så fall var det helst fem minutt før ei prøve dei håpa kunne bli utsett.
Viktig med ekstra hjelp
Maria Lidsheim og Mari Bjørnstad går i tredjeklasse og treng hjelp med den aller vanskelegaste matta på vidaregåande. For Maria er det spesielt viktig at læraren er tilgjengeleg.
– For meg er det veldig viktig. Eg har mista veldig mykje matte sidan eg var på utveksling i andreklasse. Det er mykje lettare å få tak i han når han sitt her, enn å skulle banke på eit kontor. Her ser du med ein gong om han er her, seier Lidsheim.
Olav Martens har berre gått forbi og ikkje nytta tilbodet før i dag.
– Eg har tenkt at det er litt annleis og ein ny måte å jobbe på. Det viser openheit til elevane, og at ein er trygg på at ein kan hjelpe dei, seier tredjeklassingen.
Gode lærarar er mykje til stades
Fyrstelektor og forskar i pedagogikk ved Høgskulen i Søraust-Noreg, Anne Liv Kaarstad Lie seier tilgjengelegheit for elevane er viktig når nye skular blir bygd.
– Det er nokre skular som har kontoret sitt tilknytt klasseromma når dei har bygd nytt. Gode lærarar er mykje til stades for elevane. Dei gjer seg sjølv tilgjengelege i det opne landskapet. Dette initiativet er kjempebra, seier Lie.
Ho trur det også kan vere viktig sosialt sett.
– Det er noko med å vere til stades i overgangssituasjonar, det er der usikkerheita i elevgrupper oppstår.
Prosjekt kontor blant elevane har gått så bra at mattelæraren blir sittande ute ei god stund til.
– Det har vore så artig å sitje her og kanskje kan eg inspirere andre. Det at eleven kan få svar på spørsmål ein lurar på utan å måtte vente til timen, der kanskje læraren har tenkt å gå gjennom noko nytt, er hovudårsaka til at eg sitt her, forklarer han.
– Arbeidsmiljøet ditt blir ikkje forstyrra av elevane?
– Nei, då tek eg berre på musikk på øyra, smiler han.