Måtte gi opp Grønlandsturen då foten rivna

Etter nesten to veker på ski over Grønland måtte Gry Løberg kasta in handkleet. Fuktige sko og kulde gav ho nesten «skyttargravsfot».

Fot med veldig stor vannblemme som har revna

Huda under foten rivna opp frå bak tåballane og fram til tærne.

Foto: Privat

– Det var jo trist å måtta gi seg når ein har brukt so mykje tid på å førebu seg.

Løberg, som til dagleg jobbar som jordbrukssjef i Lier, brukte halvanna år på å bli budd for turen over Grønland. Å gå over 600 kilometer med ein pulk på 80 kilo på slep var målet.

Gry Løberg held fram skoen ho brukte på turen

Gry Løberg syner fram skoen ho brukte på turen. Den er todelt med ein indre og ein ytre del.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

For å tola kulda hadde ho utstyrt seg med eit par sko som er designa for slike turar. Skoen er delt i to med ein indre og ein ytre del.

Vart ikkje tørr

Men skoen enda opp med å gjera reisa farleg. Den inste delen av skoen vart fuktig medan ho gjekk, og det var ikkje mogleg å få tørka den på turen.

– Huda byrja å gå litt i oppløysing. Etter kvart vart det vassblemmer nedi der.

Sjølv om turen vart avlyst på halvvegen fekk Gry Løberg tatt mange bilete og videostrekk frå Grønlandsisen.

Sjølv om turen vart avlyst på halvvegen fekk Gry Løberg tatt mange bilete og videostrekk frå Grønlandsisen.

Det hjelpte ikkje å tapa over foten med sportstape heller. Skoen var blitt so fuktig at tapen gjekk i oppløysing.

Når dei nærma seg halvvegen tok Løberg ein liten stopp for å bytta vottar.

– Når eg då skulle ta att gruppa vart eg litt for ivrig i fråsparket. Huda rivna på tvers bak tåballen ogso krympa all huda seg opp mot tærne. Det var litt vondt.

Ho fekk sett seg raskt ned på pulken sin og fann fram fyrstehjelpsskrinet.

Ein person trekk ein pulk over Grønlandsisen

Etter mange timar gjennom slikt landskap vart den inste delen av skoen til Løberg fuktig. Det var ikkje mogleg å få tørka den i løpet av pausane deira.

Foto: Gry Løberg / Privat

– Eg fekk dratt huda tilbake og festa den litt med tape.

So var det tilbake i den fuktige skoen for å ta att fylgjet ho reiste med. Planen deira var eigentleg å gå i ein time til, men guidane bestemte seg for å stoppa grunna foten til Løberg.

Usikkert om ho burde fortsetta

– Det vart litt meir titting på desse føtene mine. I løpet av natta so tenkte eg at dette ikkje held heile vegen til austkysten.

Reisefylgje på veg over Grønlandsisen

Om to år håpar Gry Løberg å gjera eit nytt forsøk på å gå over Grønland.

Foto: Gry Løberg / Privat

Dagen etter var ogso guidane usikre på om ho burde fortsetta. Med so mykje usikkerheit vart avgjersla å kasta inn handkleet og komma seg heim att.

– Eg tenkte det ikkje var noko vits i å fortsetta med eit slikt ubehag.

Fekk nesten «skyttargravsfot»

Foten til Gry Løberg etter huden har lega seg

No har huda under foten grodd godt nok tilbake at Gry Løberg kan gå på foten att.

Foto: Gry Løberg / Privat

Heime i Noreg fekk ho foten undersøkt og fekk beskjed om at ho var på veg til å få «skyttargravsfot». Det er ein lett frostskade som kan oppstå om du er eksponert for fukt og kulde over tid.

Når NRK snakkar med Løberg er ho tilbake på føtene att og har ikkje gitt opp draumen om å gå over Grønland.

– Til vinteren so skal eg reisa på turar som tek lang tid og testa ut å bytta på fottøyet. Om det går bra so skal eg prøva meg igjen. Då blir det tur våren 2021 om dei har ledig plass.