Hopp til innhold

Måtte evakuere sjukeheim

Alle naudetatane rykka ut for å evakuere bebuarane på Eikertun sykehjem i Øvre Eiker på grunn av mogleg gasslekkasje onsdag kveld.

Evakuerte Eikertun

Alle naudetatar deltok for å evakuere bebuarane i sjukeheimen utanfor Hokksund. Fleire titals eldre bur på heimen.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Alle bebuarane skal evakuerast, melde Drammensregionens brannvesen før klokka 18.

Brannvesenet stoppa evakueringa etter kort tid. Alle bebuarane var då endå ikkje ute av bygga.

– Det er ukjent kva slags gass som lekte ut, men bebuarane får flytte inn att no, seier Arild Ølberg, operasjonsleiar hos politiet.

Det var, ifølge politiet, ikkje fare for hus og bygningar i nærleiken av sjukeheimen.

Seinare onsdag kveld melder politiet at det truleg aldri var ein gasslekkasje, men at ein alarm gjekk fordi det var lite oksygen att i eit system i sjukeheimen.

Eikertun sjukeheim ligg utanfor Hokksund sentrum i Øvre Eiker.

Flere nyheter fra NRK Buskerud