Hopp til innhold

Mann omkom etter å hamna i klem under bubil

Ein mann i 60-åra omkom etter at han blei liggande fastklemt under ein bubil i Åmot i Modum.

Mannen i 60-åra skulle utføre ein reparasjon på bubilen sin og fekk bilen over seg.

Det var naboar som varsla naudetatane om ulukka etter at dei hadde sett mannen ligge lenge under bilen og var bekymra.

– Like etter at me kom fram til staden kunne me fastslå at mannen var omkomen. Han hadde utført vedlikehaldsarbeid på bubilen og hamna i klem under bubilen, seier operasjonsleiar i politiet Sørøst, Truls Fjeld.

Politiet har ein formeining om kva årsaka til ulukka er, men det er for tidleg å fastslå enno.

– Nå har me taua inn bilen til tekniske undersøkingar. Når dei er gjort kan me kanskje seie noko om årsaka til ulukka.

Dei pårørande er varsla om dødsfallet.