Mange tar sluttpakke

Kongsberg Maritime seier det er mange nok tilsette som takkar ja til sluttpakke til at selskapet slepp å seie opp folk i dei 120 stillingane som skal kuttast i bedrifta. Det skriv Laagendalsposten. Dei tillitsvalde meiner mange som takkar ja til sluttpakke gjer det fordi dei er redde for å bli overtalige og miste jobben uansett.

Kongsberg Maritime
Foto: Maria Kommandantvold / NRK