Målfrid (10) er forfattar og gjev ut bok på eige forlag

ÅMOT (NRK): Målfrid (10) ville ikkje vente til ho blei vaksen med å oppfylle draumen. Nå gjev ho ut krimbok for barn.

Målfrid les høgt frå boka si.

10 år gammal har Målfrid Brokhaug Røvåg sin fyrste høgtlesing, frå si eiga bok. Klassekameratane i femte klasse på Enger skole i Modum fylgjer spente med på krimromanen.

Foto: Azad Razaei / NRK

– Det berre kjem. Viss nokon seier eit tema eg skal skrive om, så berre kjem det.

Landets kanskje aller yngste forfattar har ingen problem med skrivesperre. Heilt sidan Målfrid Brokhaug Røvåg begynte på skulen har ho drøymt om å bli forfattar.

Der andre kanskje tenkjer at det er ein draum det tek mange år å oppfylle, tenkte Målfrid på korleis ho kunne få gitt ut bok så fort som mogleg.

Målfrid er bare 10 år, men nå har hun debutert som forfatter, med en krimbok på eget forlag.

Målfrid er berre 10 år, men nå har ho debutert som forfattar, med ei krimbok på eige forlag.

Lier Horst er imponert

Løysinga blei å lage eit eige forlag. Målfrids forlag.

– Eg hadde lyst til at folk skulle lese ting eg hadde skrive.

Ein av Noregs mest populære krimforfattarar Jørn Lier Horst er imponert over kva 10-åringen har fått til.

– Det er imponerande, eg veit jo kva slags arbeid som ligg bak det å skrive ei bok. Da trengst det engasjement og disiplin. Det er mange som begynner på ei historie, men det å fullføre handlar om å vere dedikert, seier Horst som aldri har høyrt om ein så ung forfattar.

Jørn Lier Horst

Krimforfattar og ein av yndlingsforfattarane til Målfrid Jørn Lier Horst, har aldri høyrt om ein så ung forfattar. Han synest det er stas å vere ei inspirasjonskjelde.

Foto: JOHN-ANDRE SAMUELSEN / JOHN-ANDRE SAMUELSEN

Nå har den ferske forfattaren tatt med seg boka på 54 sider til klassekameratane i femte klasse på Enger skole i Åmot i Modum.

Målfrid skal lese høgt.

«Hørte du det, hviska Syver nervøst. Hvis du mener den lyden som kommer nærmere og nærmere for hvert sekund så, hvisket Lisa tilbake. Ja, det var det jeg mente og det hørres mistenkelig ut som skritt, fortsatte Syver lavt.»

Målfrid finn boka si på biblioteket

Boka er foreløpig trykt i 207 eksemplar og har fått støtte av Kulturkontoret til arbeidet. Budsjettet på bokutgjevinga landa på 19.000 kroner.

Foto: Azad Razaei / NRK

– Og meir kan eg ikkje lese, resten må de finne ut av sjølv, seier Målfrid med eit lurt smil.

Har starta på oppfylgjar

Ho veit godt at dei kan finne boka hennar på biblioteket på skulen.

– Me visste jo at du kom til å bli forfattar. Du elskar jo å skrive. Me er veldig stolte av deg, seier klassevenninne Nora-Eline Bekken.

– Målfrid er veldig flink til å skrive. Me hadde ei oppgåve og da skreiv eg ei side, ho skreiv fem eller noko, legg Eivind Wichmann Skaaden til.

Les boka for medelevar

Klassekameratane på Enger skole i Åmot er imponerte over at Målfrid har skrive ei heil bok.

Foto: Azad Razaei / NRK

Debutboka har ho kalla «Jenta bak døra», og Målfrid er alt i gang med oppfylgjaren. Heime skriv ho fyrst inn forteljingane inn i ei bok, før ho skriv alt over på dataen.

– Pengane eg tener skal eg bruke på å skrive og trykke nye bøkar.

Mor Nina Brokhaug Røvang skjønte i fjor haust at forfattardraumen til dottera ikkje kunne vente.

Målfrid og mor signerer bøker

Den litt kjedelege delen av arbeidet som forfattar. Signere bøkar og å ha kontroll på økonomien. Mor Nina er sekretæren til forfattaren.

Foto: Azad Razaei / NRK

– Det var vel da du var rundt sju år og begynte på skulen at draumen kom. Du las jo alt av Jo Nesbø og Jørn Lier Horst, seier ho til dottera som er fullt oppteken av å signere sine eigne bøker.

Tips frå Lier Horst

Horst sjølv synest det er stort at han har inspirert den 39 år yngre kollegaen til å bli krimforfattar. Mannen med 1,9 millionar selde bøkar av serien om William Wisting kjem eit viktig tips til Målfrid og andre forfattarspirer.

– Les mykje, det er det aller viktigaste. Eg visste ikkje at eg skulle bli forfattar så tidleg, men eg skjønte nokså tidleg at eg var god til å ordlegge meg skriftleg. Lærarane mine såg det og oppmuntra meg til å lese.