NRK Meny
Normal

Må sende politipatruljar til hundekonflikter

Hundar som luftast i barnehagar, aggressive hundar som spring fritt og uvisse rundt kva som er lov eller ikkje, skaper konfliktar. Det straffast med alt frå bøter til i verste fall avliving av hunden.

Hunder forbudt på kirkegård

I mange kommunar er det heile året forbode å la hunden springe fritt på kirkegårdar, barnehagar og ved skular. I perioden frå 1. april til 20. august er det uansett bandtvang.

Foto: Idar Edvin Krogstad / NRK

– Eg har opplevd å ha med barn på tur og møtt hundar som skal snuse på, hoppe opp og er ganske ville. Hunder som har vore aggressive og kor eigaren ikkje har hatt kontroll.

Therese Lunevski og Linn Therese Kroken har begge vore hundeeigarar, men det betyr slett ikkje at dei alltid er like komfortable med andre hundar. Sjølv om eigaren seier "den er snill altså".

– Det er typisk at hundeeigaren meiner at akkurat den hunden berre er god og vil helse på. Men det skjønnar i alle fall ikkje barn, seier Lunevski.

Må sende ut politipatruljar

– Det skjer at vi må sende ut politipatruljar for å løyse konfliktar mellom hundeeigarar og folk som opplev hundane som trugande eller plagsame, seier Jan Dystland, leiar for operativ seksjon ved Drammen politistasjon.

Jan Dystland

Jan Dystland er leiar for operativ seksjon hos politiet i Drammen. Mange melder inn bekymringar om hundehald og manglande bruk av band.

Foto: Idar Edvin Krogstad / NRK

Han sitt og blar i loggar og epostar kor folk klagar over hundar som spring lause, bekymringsmeldingar om hundar som skremmer heile nabolag, og situasjonar kor politiet må rykke ut for å dempe munnhoggeri og konfliktar.

Kvar veke kjem klagane til politistasjonen. Spesielt gjeld det lause hundar no i bandtvangperioden, som gjeld frå 1. april til og med 20. august.

Fleire titals moglege brot på hundelova er melde inn så langt i år. I tillegg kjem mange telefonar og epostar med bekymringsmeldingar. Fleire har fått bøter på fleire tusen kroner allereie.

Kan ende med avliving

– Vi har tilfelle kor vi må gå så langt som å avlive hunden. Det kan bli naudsynt etter gjentatte angrep på menneske.

Hundeeigarar

Svenske Cecilia Eek og Anders Winberg er på ferie i Noreg. Trixie lograr nøgd, men går i band medan eigarane er her.

Foto: Idar Edvin Krogstad / NRK

– Men når det gjeld å sleppe hunden fri frå bandet ein gong i blant, hundar er dyr som treng å få boltre seg òg?

– Ja, men då må ein bruke fornuft. Du kan løyse hunden på eit open jorde, eller på tomta di. Det er ikkje greitt å lufte hunden inne på ein barnehage, sjølv etter stengetid. Det seier seg sjølv at avføring i sandkassa er ugreitt, seier Dystland.

Kommunen kan i tillegg forby å sleppe fri hundar på gravgårdar, ved skuleområde og ved idrettsanlegg.

Ved byparken i Drammen lograr Cocker Spaniel-puddelen Trixie fornøgd. Eigarane Cecilia Eek og Anders Winberg er på ferie frå Sverige, og er klar over bandtvanget som gjeld no.

– Eg har vanlegvis kontroll på Trixie med stemma mi. Ho går alltid ved sidan av meg, men når vi no er her så følger vi reglane strengt. Heime i Sverige går nok hunden mest fritt, seier Eek.

Politiet meiner det ikkje burde vere naudsynt med munnhoggeri og meldingar til politiet når reglane er så klare:

– Hald kontroll på hunden din. Det hjelp ikkje at du sjølv synast den er snill, seier Dystland.