Hopp til innhold

Må lage kommunar for dei neste 50 åra

Over alt i Norge har ordførarar sete seg rundt møtebordet for å diskutere samanslåing. Skal vi ende opp med 100 store kommunar er det mykje lokal identitet som skal få prøvd seg.

Kommunesammenslåing

Ordførarane i Drammen, Sande og Svelvik møtte i dag fylkesmennene i Buskerud og Vestfold for det første møtet for å diskutere kommunesamanslåing.

Foto: Idar Edvin Krogstad / NRK

Det har vore skrive mykje om kommunesamanslåing. I fleire år har diskusjonen gått. Tidlegare regjeringar har ikkje fått det til. Gulrot og pisk, vert det snakka om. Men kva er eigentleg gevinsten ved å gjere 428 kommunar til 100?

Les: Ser på muligheten for én storkommune

Det heile byrjar med eit møte

Kommunesammenslåing 2

Tre ordførarar og to fylkesmenn hadde i tysdag møte for å sjå om dei har ei framtid saman. Det blir nye møter til hausten.

Foto: Idar Edvin Krogstad / NRK

På kontoret til Fylkesmannen i Buskerud, tidlegare miljøvernminister Helen Bjørnøy, sitt eit knippe ordførarar og endå ein fylkesmann, Erling Lae – som er Staten sin representant i Vestfold. Drammen kommune er stor, med over 50 000 innbyggarar. Svelvik kommune er lita, har dårleg økonomi, og høyrer til og med til under Vestfold fylke. Det same gjer Sande kommune. Alle desse møtast for å diskutere kva ein kan få ut av å bli til ei kommune.

– Det byrjar med å finne ut om det er dei rette kommunane ein snakkar med. Og når du har gjort det, er det som når man gifter seg – du må sørge for at ekteskapet blir bra, når man først har sagt ja, seier fylkesmann i Vestfold Erling Lae.

Svelvik kommune har særs dårleg råd. Den er på Robeklista, det vil seie at dei er under økonomisk styring fordi dei må betre økonomien sin.

– Men det å slå oss saman med andre kommunar handlar ikkje om økonomi. Det handlar meir om å skape kommunar som er solide nok. At vi kan levere meir likt tilbod til innbyggjarane, i tråd med det Staten ønsker at vi skal, seier ordførar i Svelvik, John Gunnar Lislelid.

For få til å gi gode tenester

Argumenta for samanslåing er blant anna at barnevernstenester, og andre mindre tilbod, er vanskelege å gjere gode, når hele tenesta består av nokre få medarbeidarar.

Kommunevåpen

Svelvik, Drammen og Sande kommune kan bli ei kommune om nokre år. Då blir dei påskjøna med millionar i stønad frå Regjeringen. Det er gulrota for dei som vil bidra til å krympe talet kommunar i Noreg.

Foto: Fotomontasje

Sande kommune i Vestfold vurderer kommunesamanslåing både nordover og sørover mot Buskerud. Det synest ordførar Karl Einar Haslestad dei kan gjere ei stund til. Han vil ha best mogleg løysing.

– Vi kan nok klare å halde oppe tenestetilbodet på dagens nivå, men i framtida vil krava bli større og innbyggarane fleire. Det er vanskeleg når kommunane er så fragmenterte som i dag, seier Haslestad.

Les: – Andebu bør til Sandefjord

Kva skal barnet heite?

Det å høyre til er viktig. Å kjenne at ein har ein heimstad. Det meiner politikarane ikkje blir endra, om ein slår saman kommunar og mister rådhuset sitt.

– Det er nok for tidleg å snakke om kvar kommunesenteret skal ligge og korleis kommunevåpenet skal sjå ut, først må vi snakke om innhaldet i kommunen, seier Svelvikordføraren.

– Men dersom vi skal slå oss saman, så blir nok namnet på storkommunen Drammen, seier Sandeordføraren.

– Vi er einige om å snakke saman, og det er det vi er einige om. Så får vi ta eit nytt møte til hausten, seier ordføraren i Drammen.


Flere nyheter fra NRK Buskerud