NRK Meny
Normal

Må kasta 50 tonn reinsdyrkjøt

– Det er ikkje praktisk mogleg å bruka dette kjøtet, seier Petter Braaten i Statens naturoppsyn.

Reindsdyr

50 tonn med kjøt skal destruerast frå villreinen i Nordfjella.

Odd Lothe Onstad

Odd Lothe Onstad, dagleg leiar i Haugen Gardsmat i Flåm, seier han kan ta imot reinsdyrkjøtet i Nordfjella.

Foto: ODD HELGE BRUGRAND / NRK

50 tonn reinsdyrkjøt, frå dei dyra som styresmakta skal slakta ned i Nordfjella etter at den ordinære jakta er ferdig, skal destruerast.

– Dei dyra som testar negativt, altså dei dyra som ikkje er sjuke av skrantesjuka, blir køyrd til Norsk Protein på Hamar for destruksjon.

Så, ingenting blir brukt til mat?

– Nei, det handlar om Mattilsynet sine reglar. For at det skal kunne nyttast til offentleg forbruk, altså at kjøtet kan seljast, må dei slakta dyra vera inne til slaktemottak innan éin time etter skotet. Dei som kjenner Nordfjella skjønner at det er bortimot umogleg å få til, seier Braaten i Statens naturoppsyn.

Ikkje lett å forstå for jegerane

Om lag 50 tonn etande kjøt kjem altså til å bli kasta innan utskytinga av 2.200 dyr i Nordfjella er avslutta 1. mai 2018.

– Det smerter ein jeger å tenka på at det går ein del tonn med kjøt i boset. Det er jo i utgangspunktet friske dyr, ifølge Braaten.

Petter Braaten, Statens naturoppsyn

Petter Braaten i Statens naturoppsyn seier det er praktisk umogleg å bruka kjøtet frå reinsdyra i Nordfjella.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Dersom ein legg til grunn for 300 kroner per kilo av kjøtet er verdien på det som skal bli kasta 15 millionar kroner.

> Les også: Frykter skrantesjuke på Hardangervidda
> Les også: Kritiske til saneringsvedtaket

– Dette er sjokkerande!

Dagleg leiar i Haugen Gardsmat i Flåm, Odd Lothe Ohnstad, seier han kunne teke imot alt kjøtet frå Nordfjella på ein forsvarleg måte.

På eit møte i Flåm nyleg der Mattilsynet, Miljødirektoratet og Statens naturoppsyn var til stades fekk Odd Lothe Ohnstad tommelen ned for å ta imot kjøtet frå Nordfjella.

– Dette er sjokkerande, og etter mine meiningar heilt uakseptabelt. Me trur det er mogleg å få nytta det aller meste av kjøtet på ein praktisk og grei måte. I ei verd der mange menneske svelt, så er det heilt på kanten å kasta så mykje mat, seier Lothe Ohnstad.

Samanliknar skrantesjuke med kugalskap

Petter Braaten i Statens naturoppsyn svarar med at det kan samanliknast med kyr som får kugalskap, som er bortimot same sjukdomen som skrantesjuke. Ein nyttar ikkje dei friske dyra i fjøset til mat, når ei kyr blir testa positivt for kugalskap, då blir alle destruert.

– Det er litt det same som med reinsdyra i Nordfjella, seier Braaten.

Nordfjella

I Nordfjella skal 2.200 villrein destruerast på grunn av skrantesjuka.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK