Hopp til innhold

Voff, for eit hundeliv

Flatskjerm, boblebad og massasje er noko av tilbudet på luksushundehotellet.

Suite på Pet's Paradise

Her kan hunden sjå ein god film på sofaen. Legg merke til den firbeinte til venstre.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Boblebad på Pet's Paradise

Dobermannen Rufus får boblebad.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK
Suite på Pet's Paradise

Hundehotellet tilbur to såkalla mastersuiter.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK
Lawrence Valentino Vindtorn

Lawrence Valentino Vindtorn er eigar og drivar av Pet's Paradise.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK
Diamanthalsbånd fra Pet's Paradise

Skal det være eit hundehalsband til 250.000 kroner?

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Ingen tvil om at Pet's Paradise lever opp til namnet. Hundehotellet ligg mellom Mjøndalen og Vestfossen i Eiker.

For dei som ønskjer noko meir for sine kjæledyr enn det eit vanleg hundepensjonat tilbyr, har dette hundehotellet to såkalla mastersuiter.

Her kan dei firbeinte slenge seg ned i ein skinnsofa for å sjå gullrekka på ein gedigen flatskjerm.

Dersom dei då ikkje heller vil sjå ein god film på dvd eller lytte til favorittmusikken på stereoen. Det er også fotografi på veggane, blomster på bordet, radio, puter og pledd.

Les også: Vask hunden din i maskin

– Skal ha ferie på lik linje med eigaren

– Etter å ha forska litt på det, fann me ut at hundane følgjer betre med di større skjermen er. Difor bestemte me oss for å kjøpe inn storskjermar, fortel eigar og drivar av Pet’s Paradise, Lawrence Valentino Vindtorn.

Han fortel at dei ønskjer at hunden skal ha ferie på lik linje med eigaren.

– Difor er det viktig å skapa eit så heimleg miljø som råd.

Suitene inneheld også ein hems med soveplass for hundepassaren. Nokon ønskjer nemleg at hunden skal ha tilsyn døgnet rundt medan den er på ferie. Og då får dei det.

Det kostar

– Ein får det ein betalar for, seier Vindtorn. Me er eit hundehotell for hundar til heilt vanlege folk, men me strekkjer oss så langt me kan for å tilfredstille dei ønskjene og behova som hund og eigar har.

– Men sjølvsagt kostar det, legg hotelldirektøren til med eit skeivt smil. Døgnprisen på hotellet startar på 250 kroner, men kan fort komme opp i 10 til 15.000 kroner. Alt etter kva hundeeigaren ønskjer for sitt ferierande kjæledyr.

Det høyrer med til opplevingar av dei sjeldne, men Vindtorn fortel at dei ein gong fekk fem A4-sider med ønskjer for ein av hotellgjestene.

– Den hunden kom også med eigen privatsjåfør, legg han til.

Måleri av hundane

Lawrence Vindtorn er sjølv kunstnar og fotograf, og tilbyr også portrett i form av fotografi eller måleri av hundane som tek inn på hotellet.

Er det nokon av dei firbeinte hotellgjestene som sjølv har ei kunstnerisk åre, kan dei også måle bilder sjølv som dei får med seg heim etter endt opphald.

Hotellet er utstyrt med lysekroner i taket, kunst og dekormålingar på veggane.

Hundehalsband til 250.000

Då NRK var på besøk var dobermannen Rufus i ferd med å ta eit boblebad.

– Dei færraste hundane likar at det boblar medan dei badar, men me brukar det for å skumme opp såpa før bad, sier Vindtorn, som også tilbyr turar i skog og mark, massasje og sauetilvenning for hotellgjestene.

– Me er eit heilt vanleg hundehotell for bikkja til mannen i gata, men for dei som ønskjer det lille ekstra, har me det også.

Hundehotellet designer også hundehalsband etter ønskje.

Og om du ikkje er nøgd med det vanlege orange refleksbandet, kan du få ein håndsmidd variant med ekte gull og diamanter til den nette sum av 250.000 kroner. Det skulle vel sikre at kjæledyret blir lagt merke til i trafikken.