Hopp til innhold

Lefsekling og bakstetrim

Leveld Lefsebakeri har det travelt om dagen. Tradisjonskost er populært, i løpet av førjulsvekene har dei bakt 6000 snippar. Det blir ikkje jul for hallingane utan lefsekling på bordet.

Leveld Lefsebakeri

For å løyse opp i stive bakarnakkar etter 6000 lefser, må det pausemusikk til.

Du treng eit emne, ein trill og ei varm takke – og ei real bakstekjerring. Og smør, masse smør. I Ål går takkene varme før jul. Men det skal dei og.

– Potet, egg, kveitemjøl og smør er hovudingrediensane, seier bakstekjerring Grethe Fjeldheim Bjerke.

Men mengda av dei einskilde delane får ikkje NRK vite, det er det berre å gløyme. På Leveld Lefsebakeri står ti lefsebakarar i kjede og jobbar så mjølet sprutar. Den eine er avhengig av den andre. Først i kjeda står ho med dei gode hendene, Asbjørg Etterlid.

– Du kan ikkje vere for hardhendt, og tjukkleiken er noko eg berre kjenner er rett, seier ho.

Lefsebaking i Ål

Gro Simarud rullar med trillen for å få den rette overflata på lefseklingen.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Synkron treningspause og store mengder smør

Deigen må bli endå tynnare, på neste stasjon den får seg ein omgang med trilla og blir meir knudrete i overflata. Den må snuast fem-seks gongar. Skal ikkje bli sprø i kantane eller få hol i seg. Gro Simarud er mestersteikaren, ho har raude merker i handflatene.

– Du må klappe dei ut, og vere lett på handa. Brennemerka mine er ikkje så ille, det gjer ikkje vondt, seier ho.

Lefsemaskin

Dei ferdige lefsene går i pressa. Restane etter denne prosessen blir pausemat for bakarane.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

For å halde ut, må det pausegymnastikk til. Stereoen koplast til og ti lefsebakarar trenar synkront mellom takkene til julemusikken. Og til matpausen etter treninga et bakstekjerringane avklippet frå kantane på lefsene. SÅ er det siste lag på verket.

– Eg er ikkje glad i for tjukt lag med smør, men det skal smake litt, seier Sigrid Roen med eit smil over dei ferdige lefsene.

Du ser heile historia frå Leveld Lefsebakeri i Norge Rundt på NRK1 førstkommande fredag kl 19.30.