– Den eine bilen skal ha kome over i feil køyrebane, opplyser operasjonsleiar i Sør-Aust politidistrikt Knut Larsen.
Ifølgje fotografen på staden tok det rundt ein time å få personen ut av bilen før personen blei sendt med luftambulanse til Ullevaal.
Hallingdølen skriv torsdag ettermiddag at tilstanden til kvinna er kritisk og uavklart.
Ulukka skjedde på riksveg 7 ved Satakroken i Ål i føremiddag. Tynge køyretøy er bedne om å køyre fylkesveg 40 mellom Nesbyen og Geilo.
Etterlyser Toyota Hiace
Det var ein person i begge dei to bilane. Den andre sjåføren er sendt med ambulanse til Ringerike sjukehus med lettare skader.
Krimteknikarar er på staden og vegen kjem til å bli stengt i ein god stund framover seier politiet til NRK.
Dei etterlyser ein sjåfør av ein Toyota Hiace som truleg skal ha blitt forbikøyrd av den eine bilen før ulukka.
– Bilen er blitt observert og skal ha snudd og køyrt tilbake til Ål, men har truleg ikkje fått med seg ulukka, seier Larsen.