NRK Meny

Krisesenter kan bli avvikla

Stiftinga Hallingdal krisesenter kan bli avvikla. Kommunane vil finne andre løysingar som kostar mindre, skriv Hallingdølen. Medan krisesenteret hadde brukarar på overnatting i 1250 døgn i 2013, fall bruken kraftig til 322 overnattingsdøgn i 2016. Kommunane har over lengre tid vore uroa over kostnadsauken ved senteret, skriv avisa.