NRK Meny
Normal

Krf-politiker vil ha lengre serveringstid

Krf-politikar Per Askilsrud i Hønefoss meiner byen blir meir levande om utestadane får ha opent ein time lengre på natta. Byen har blitt død etter at serveringstidene vart korta ned for nokre år sidan, meiner han.

Alkohol

Hønefoss er ein av mange byar med skjenketid som sluttar klokka to på natta. No får utestadane støtte frå ein Krf-politikar om at dei bør utvidast.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Valglogo

– Eg meiner at skjenketida bør vere til klokka 03. Det grunngir eg med at Hønefoss byrjar å bli ein by med lite folk, seier Askilsrud.

Hønefoss korta ned skjenketida for nattklubbane i byen frå 03 til 02 i 2012. Argumentasjonen var då blant anna at det ville redusere vald i gatene og i tilknyting til utestadane nattetid. Det trur ikkje politikaren frå Kristeleg Folkeparti har hatt nokon effekt.

– Eg har jobba med det ruspolitiske feltet i tiår, og kjenner byen. Det må vere betre at folk tek seg nokre øl enn at dei sitt heime og rusar seg på hasj og amfetamin, seier han.

– Ungdommen reiser til Oslo

Per Askilsrud

Krf-politikar Per Askilsrud meiner det er betre at ungdommen drikk ei øl eller to ekstra i Hønefoss, enn at dei rusar seg på sterkare stoff.

Foto: privat

Per Askilsrud seier utspelet kjem for å halde på ungdommen også på kveldane og om natta.

– No er det slik at dei unge reiser til Oslo for å gå på byen, då er det betre at stadane held opent til klokka tre her. Vi må halde på arbeidsplassane og verdiskapinga her i byen.

– Du er ikkje redd for at lengre opningstid vil føre til at folk rett og slett drikk meir?

– Nei, det er eg ikkje redd for. Eg har køyrt ein del drosje i sentrum på laurdagskveldar og stort sett oppfører folk seg skikkeleg. Dessutan går ikkje alle ut på ein gong med lengre opningstider.

Krf-politikaren som sitt i kommunestyret, sitt og i kommunestyret. Han er med i ruspolitisk utval som skal evaluere opningstidene som vart innført i 2012. Han fryktar ikkje reaksjonar frå dei andre i partiet.

– Eg får nok neppe noko støtte, men partikollegaene veit at eg skulle seie dette.