Hopp til innhold

Krev stans i nedbemanning

Fagforbundet krev at ingen vaktmeistrar mistar jobben i fylkeskommunen. Det er bestemt at 12 vaktmeisterstillingar skal bort og måndag skal saka drøftast med dei tilsette. Dei tillitsvalde meiner fylkeskommunen har betre økonomi no enn då forslaget om innsparingane kom og krev at ingen blir sagt opp.