NRK Meny
Normal

Kraftkommunar nektar å slå seg saman

Dei to kraftkommunane Nore og Uvdal og Hol nektar å slå seg saman. Det kom fram på eit felles formannskapsmøte mellom dei to i Dagali onsdag.

Dagali Hotell

Dagali Hotell ligg på grensa mellom dei to kommunane. Men sjølv om dei to formannskapa møttest der, er det lite som talar for at grensa forsvinn.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

– Vi hadde vel heller ikkje venta at samanslåing skulle bli konklusjonen på dette elles så konstruktive møtet, sa ordførar i Nore og Uvdal, Eli Hovd Prestegården.

Ei rekke samarbeidsområde vart drøfta, men ingen av kommunepolitikarane var positive til samanslåing.

Fellesmøte mellom formannskapene i Hol og Nore og Uvdal

Fellesmøte mellom formannskapa i Hol og Nore og Uvdal.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Også frå ordførar i Hol, Tony Kjøl var det klar tale etter det doble formannskapsmøtet på Dagali Hotell onsdag. Ein permanent samanslåing av Nore og Uvdal og Hol kommune kjem ikkje på tale.

– Konklusjonen i dag er at vi ikkje ser nokon grunn til å gå vidare med slike planer som følge av kommunereforma. Men så må det også seiast at det har komme noko positivt ut av kommunereformarbeidet, at vi har sett oss ned og prata saman. Det hadde kanskje ikkje skjedd utan at vi var blitt fortalt at vi skulle gjere det, seier Hole-ordføraren

Les også:

Samarbeid

Senterpartiordførar Eli Hovd Prestegården i Nore og Uvdal var udelt nøgd med møtet mellom hennar formannskap og formannskapet i Hol. Ho seier reiseliv og samferdsel kanskje er dei to sakene dei kan samarbeide om også i framtida.

– Reiselivet og riksveg 40 og riksveg 7 over Hardangervidda er viktige område for oss. Vi har òg mange regionale saker inn mot fylkeskommunen vi ser vi kan samarbeide om, seier ho.

– Trur du dette kan vere første steget på vegen til å samarbeide meir?

Heilt klart. Vi er blitt betre kjende med dei utfordringane kvar av kommunane har, og fleire av dei kan vi nok løyse betre i fellesskap ved å samarbeide meir enn vi har gjort til nå, seier Prestegården.

Nøgd

Tony Kjøl

Ordførar Tony Kjøl trur kommunereforma har pressa dei to kommunane til å snakke saman.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Høgreordførar Tony Kjøl var også svært nøgd med møtet mellom dei politiske leiarane i dei to nabokommunane i Øvre Buskerud.

– Men frå samarbeid til samanslåing er vegen nær sagt umogleg å gå, sjølv om begge kommunar har fordel av eit breiare samarbeide på ei rekkje område. Eitt døme er at vi begge er kraftkommunar, seier Kjøl.

– Kor nyttig har dette møtet på grensa mellom dei to kommunane vore?

– Eg opplever det som veldig nyttig. Vi har fått drøfta både kommunereform og samarbeid, og ikkje minst har vi blitt betre kjende.