Korrupsjonstiltalt kvinne: – Ei stor påkjenning

DRAMMEN (NRK): Den tiltalte kvinnelege saksbehandlaren nekta for all straffeskuld da den store korrupsjonssaka starta i dag. Forsvararen fortel at det heile er ei stor påkjenning for den 59-år gamle kvinna.

Den tiltaltes forsvarar

Lars Christian Sunde og Mette-Julie Sundby fortel om eit svært stort saksomfang som har tatt langt tid å setje seg inn i forkant av rettssaka i Drammen tingrett.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

Den hovudtiltalte kvinna verka roleg, men prega da ho kom inn til fyrste dag i rettssalen i ein av landets største korrupsjonssaker.

Den 59-år gamle kvinna er tiltalt for grov korrupsjon og for å ha tatt i mot nærmare 1,2 millionar kroner som byggesaksbehandlar i Drammen kommune.

Da den tiltala kvinna blei pågripen i januar for snart to år sidan, hadde ho vore under politietterforsking i fleire månader. Politiet hadde avlytta telefonen hennar og blant anna filma overlevering av kontantar i ein konvolutt i rådhuset i Drammen.

Vil bli frifunnen

På alle dei 50 punkta i tiltalen svarte ho eit kort og kontant nei da aktor Anne Christine Stoltz Wennersteen innleiingsvis las opp tiltalen.

– Det er naturlegvis ei stor påkjenning for henne. Både tida som er gått og det å vere i retten nå, seier forsvarar, Lars Christian Sunde.

– Svært lei seg for

Påtalemyndigheiten skal seinare i rettssaka legge fram blant anna telefonsamtaler der den tiltalte kvinna skal ha innrømt korrupsjon i samtale med si eiga syster, som ho skal ha bedt rydde vekk bevis.

– Dette vil ho kome nærmare innpå når ho skal forklare seg. Det sentrale er at ho hadde ein tanke om at det hadde blitt gjort feil i kommunens behandling, og det var noko ho var betenkt over.

Den tiltalte har i avhøyr erkjent at ho har tatt imot pengar, men at dette skal ha vore betaling for husteikningar.

Aktor i korrupsjonssaka

Den fyrste dagen av rettssaka gjekk med til aktoratets innleiingsføredrag av aktor Anne Christine Stoltz Wennersteen.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

– Arkiktektoppdraga har ho fått rimeleg betalt for. Ikkje spesielt godt. Diverre har den tiltalte behandla dei same sakene. Det er noko ho er svært lei seg for i ettertid, seier Sunde.

Påtalemyndigheiten meiner den tiltalte kvinna har sitte på begge sider av bordet i sakene med dei 27 tiltakshavarane.

– Me meiner ho har teikna dei forskjellige prosjekta, samtidig som ho har sørga for å bli saksbehandlar sjølv, og tatt betalt for desse sakene. Feilen ligg i at det har blitt gjeve løyve som elles ikkje blitt godkjent, seier aktor Anne Christine Stoltz Wennersteen.

Ikkje korrupsjon

Den 46-år gamle mannlege saksbehandlaren er tiltalt for medverknad til korrupsjon. Media har tidlegare skrive om isfront mellom dei to, men da dei møttest med ein klem i retten i dag, var det ingen teikn på det.

Den tiltalte mannen erkjente heller ikkje straffeskuld, men erkjente forholda i tiltalen.

Mette Yvonne Larsen i Drammen tingrett

Mette Yvonne Larsen er forsvarar for den 46 år gamle mannlege saksbehandlaren.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

– Han har tatt imot pengar for å formidle oppdrag til den tiltalte kvinna. Det er ikkje straffbart eller korrupsjon. Det er noko ein av og til gjer i arkitektbransjen, seier forsvararen, Mette Yvonne Larsen.

Ifølgje Larsen skal ikkje klienten ha vore kjent med det den 59-år gamle kollegaen eventuelt skal ha føreteke seg.