Hopp til innhold

Kommunane er bøygen

Kommunane hindrar god gjennomføring av samhandlingsreforma i helsestellet. Det meiner leiaren i brukarutvalet i Helse Sør Øst.

Helsemøte

Under har konferanse på Geilo. Der fortel brukarutvalet i Helse Sør Øst at samhandlingsreforma på langt nær er i mål.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Samhandlingsreformen fungerer ikkje som den skal i dei kommunale helsetenestene. Det meiner leiar i brukarutvalet i Helse Sør Øst, Øisten Winje. Han deltar i desse dagar i ein stor helsekonferanse på Geilo i regi av Vestre Viken helseføretak og Helse Sør-Øst.

– Spesialisthelsetenesta lyttar godt til brukarane, dei er godt organiserte, men frå den kommunale sida er det ikkje slik, seier han.

Samhandlingsreformen blei innført i 2012 og skulle sørge for at meir behandling skjer der folk bur og at kommunane får meir ansvar for medisinsk oppfølging. Det meiner Winje ikkje skjer i stor nok grad.

Øistein Winje

Øistein Winje er leiar i brukarutvalet i Helse Sør Øst.

Foto: pasientsikkerhetsprogrammet.no

– Kommunane må tenke nytt og sjå utanfor boksen. Dei må ta med brukarane inn i systemet sitt. Det er langt igjen til målet med samhandlingsreforma. Heile hensikta er at pasientane skal vere fokus, medan vi tvert om merkar at kommunane ikkje snakkar med pasientane slik dei skal, seier Winje.

– Helsetenestene må ut til folk

Statssekretær Anne Grethe Erlandsen i Helse og omsorgsdepartementet var til stades på den store konferansen på Geilo i går. Ho var til dels samd med leiaren i brukarutvalet i Helse Sør-Øst om at det hittil har vore kommunane som har vore bøygen med omsyn til ei god gjennomføring av samhandlingsreforma.

Statssekretær Anne Grethe Erlandsen (H) i Helse- og omsorgsdepartementet.

Statssekretær Anne Grethe Erlandsen (H) meiner kommunane må bli flinkare til å lytte til pasientane.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Vi veit at dersom pasientane hadde fått bestemme korleis ting såg ut, så hadde det vore organisert annleis. Helsetenestene har vore utvikla i rykk og napp over 100 år. Pasientane opplev ikkje eit heilskapleg system. Vi må lytte meir til dei det gjeld. Folk må få meir hjelp der dei bur, det betyr og at personale frå sjukehusa i nokre tilfelle må reise til pasientane, anten det er heime eller på sjukeheimen, seier statssekretæren.

Ho trekk fram Hallingdal sjukestove som eit godt eksempel på helsetilbod der folk bur, og lev.

– Den har vore utvikla over mange år og vist at den er framtidsretta og endrar seg i takt med behova. Det du måtte på sjukehus for å gjere før, kan du no i større grad få gjort i heimen din no, seier Erlandsen.