NRK Meny
Normal

Kjem snøen?

Dersom temperaturane berre held seg på den kalde sida, blir det nedbør og snø til helga. Men det spørst om det blir skiføre.

Slaps

Det snør det snør. Men blir det berre sørpe til helga?

Foto: DON EMMERT / AFP

– Det kjem nok ein god del nedbør utover veka, i samband med austleg og nordaustleg vind. Om det kjem som sludd eller snø er kjem an på temperaturane, seier statsmeteorolog Kristen Gislefoss.

Prognosane lovar noko meir vinterleg ver utover i veka. Men om snøen held seg, er meir usikkert.

– Temperaturane kjem til å ligge rundt null-streken, så det kan nok skifte raskt, seier Gislefoss.

Og temperaturane er lågare no enn dei har vore i det siste. Dagali og Geilo nyt elleve minusgradar i dag, og på Konnerud i Drammen var det seks minus i morgontimane.

Snøen kjem frå onsdag av og held fram til over helga.

– Men mest i helga, seier statsmeteorologen.

Lite sannsynleg med skiføre i låglandet

Skog- og naturforvaltar i Drammen kommune, Bjørn Ringstad, tvilar på at snødrysset som kan komme til helga utgjer den store skilnaden for dei som lengtar etter skiturar i marka.

Bjørn Ringstad

TESTAR ISEN: Skog- og naturforvaltar, Bjørn Ringstad, testar isen på Stordammen på Konnerud i Drammen tidlegare i januar.

– Vi må nok ha 25 cm snø før vi kan køyre løypene i Drammensmarka, så eg tvilar på at dette held.

Det er moglegheiter for nokre rundar med ski på beina i Lier rundt Eiksetra, og i nærleiken av skiarenaen på Konnerud i Drammen. Men utanfor rekkevidda til snøkanonane er det mykje grønt føre.

Og sjølv om det er moglegheiter i høgare strok i Buskerud, blir årets skisesong lite å skryte av.

– Eg trur det BLIR skiføre ein eller gong i vinter, men årets skisesong blir kort, spår Ringstad.