Mannen sto på eit seglbrett som vart trekt av ein fallskjerm, såkalla kiting, og køyrde inn i ein steinmolo i den sterke vinden.
I følge opplysningar frå Ullevål Sykehus laurdag morgon er mannens tilstand alvorleg, men stabil.
-Han låg på fastland då me fann han, seier
operasjonsleiar Morten Eriksson ved Søndre Buskerud
politidistrikt til NTB.
Politiet fekk melding om ulykka klokken 17 fredag kveld.
Luftambulanse, politi og ambulanse kom til ulykkesstaden.
Eriksson seier det bles kraftig i Oslofjord-området fredag kveld og at 29-åringen derfor kan ha mista kontroll over kiten i den sterke vinden.