Hopp til innhold

– Den samansveisa familien blei splitta hjarteskjerande og brutalt

HOKKSUND (NRK): Haug kirke var fullsett da Kim André Nielsen og Benjamin Sørvang Nielsen blei gravlagt i dag. Far og son døydde i den tragiske togulukka i Danmark.

Gravferd

Far og son blir gravlagd i same kiste i Haug kirke i Hokksund i dag.

Foto: Raymond Dalen / NRK

– Familien på fire sette seg i bilen til Djurs Sommarland om morgonen laurdag 6. juli. På ein planovergang utan bommar blei bilen treft av eit tog i høg fart. Benjamin døydde momentant, far Kim André like etter, fortalde prest Runar Liodden i si tale.

Gravferd i Haug kirke for Kim Andre Nielsen og Benjamin Sørvang Nielsen

Gravferd i Haug kirke for Kim Andre Nielsen og Benjamin Sørvang Nielsen

Benjamin ville fylt åtte år berre nokre dagar etter ulukka.

– Som eit mareritt ein berre vil vakne opp frå

– Den samansveisa familien blei splitta. Hjarteskjerande og brutalt. Det heile kjennast uverkeleg. Som eit mareritt ein berre har lyst til å vakne opp frå. Det er det fyrste dykk tenkjer på når de legg dykk og det fyrste dykk tenkjer på når de står opp.

– Benjamin ligg her på pappas arm i denne kvite kista, sa Liodden i tala.

«Tiden vi fikk sammen ble ikke så veldig lang, men tiden vi hadde sammen var fylt med latter, lek og kjærlighet», har mora og dottera skrive til dei to dei har mista.

Presten formidla også ynskje frå kona om å ikkje vere redd for å ta kontakt og snakke om dei to som er borte.

– Ho ynskjer meir enn noko anna å ha Benjamin og Kim med seg som ein naturleg del av livet vidare.

Presten fortel at mora og systera blei godt tatt vare på sjukehuset i Danmark.

– Dei fekk oppleve lege og sjukepleiarar som gret saman med dei. Dei ordna innpakningspapir og kort, slik at systera fekk pakka inn gåva ho hadde kjøpt til Benjamin til bursdagen hans, seier Liodden.

Kim Andre og Benjamin

Benjamin skulle fylt åtte år den 10. juli.

Foto: Raymond Dalen / NRK

Under gravferda la skulevener frå Hokksund barneskole kvar si raude rose på kista.

Susanne og Trond Akerø-Kleven var solistar i gravferda, dei to song også i bryllaupet til paret i den same kyrkja i 2012.

Dei starta gravferda med songen «För att du fins» av Sonja Alden, den same songen dei song i bryllaupet. Dei heldt fram med favorittsongen til Benjamin, «Faded» av Alan Walker og avslutta med «Fix you» av Coldplay.

Det er oppretta eit fond til utdanning for dottera blei det opplyst om i gravferda.

Blei treft på planovergang

Det er snart to veker sidan Kim André Nielsen (34) og sonen hans Benjamin Sørvang Nielsen (7) omkom i den tragiske dødsulukka i Danmark. Mor og dottera som også sat i den same bilen kom frå ulukka utan alvorlege skader.

Bilen dei sat i blei treft av eit tog på ein planovergang på Århus letbane i Midtjylland.

Gravferd Kim Andre Nielsen og Benjamin Sørvang Nielsen

Kim Andre Nielsen var aktiv fotballspelar og har tidlegare spelt i Mjøndalen.

Foto: Raymond Dalen / NRK

Familien er busett i Hokksund i Øvre Eiker og delte i førre veke eit minneord med NRK.

Drakt

Benjamin var ein aktiv gut og spelte fotball i Hokksund IL. Lagkompisane har signert trøya ved kista.

Foto: Raymond Dalen / NRK

Far Kim André var også aktiv fotballspelar med ei fortid i Mjøndalen.

Nå spelte han i fjerdedivisjonslaget Steinberg og skulle eigentleg ha signert ny kontrakt og vore på fyrste trening med laget førre veke.

– Han elska fotball. Stor Manchester United-supporter. Han var roleg, snill og veldig positiv. Eg bruka å seie at han nokon gonger var «over-positiv». Eg trur ikkje du finn nokon som kan seie eit vondt ord om han, seier Hans-Erik Trulsen, leiar i fotballgruppa.