Hopp til innhold

Kan misse skjenkeløyve

Restaurantar og diskotek bør misse skjenkeløyvet om branntryggleiken er for dårleg.

Haakon Hallingstad
Foto: Picasa 2.6 / NRK

Det meiner brannmann Haakon Hallingstad i Drammen.

Branntryggleik er kanskje ikkje det du tenkjer mest på når du er på byen og kosar deg med ein svingom og noe godt i drikkeglaset.

Men det burde du gjere. For du skal ikkje ta for gitt at alt er som det skal.

Vil ha strengare reglar

Haakon Hallingstad jobbar i tilsynsseksjonen i brannvesenet. Han og kollegaene finn mykje som kan vere farleg når dei kjem på umeldt inspeksjon til restaurantar og diskotek i Drammen om kvelden og natta.

Hallingstad synest reglane bør bli strengare.

- Det bør ikkje bli gjeve skjenkeløyve viss branntryggleiken ikkje er i orden, meiner han.

Kan bli kroken på døra

Haakon Hallingstad har jobba i brannvesenet i 27 år. I ni av dei har han vore i tilsynsseksjonen. Det han har sett i desse åra, gjer at han sjølv aldri set seg ned og slappar av på ein utestad før han er trygg på at branntryggleiken er i orden.

Hans råd til alle er å sjekke om det er nødutgangar i lokalet.

Det er slett ikkje alltid nødutgangane er frie. Viss Hallingstad og kollegaene kjem over slikt, forlangar dei at det blir rydda opp med ein gong.

- Ellers er det kroken på døra og stenging på timen, seier han.

Propan i kjellaren

Det verste Haakon Hallingstad har kome over er ein utestad som oppbevarte propanflasker i kjellaren.

- Den type tvilsomme tilstander kvalifiserer til bot i 30.000-kroners klassen, meiner han.

Og der brannvesenet fann nødutgangen blokkert av bygningsmaterialer, så blei det heller ikkje vist nåde.

- Opplæring av dei tilsette er også noe restaurantnæringa syndar mot. Er du på jobb når alarmen går i eit lokale som har fleire hundre gjester inne, skal du vere klar over kva som er jobben din, seier Hallingstad.

Flere nyheter fra NRK Buskerud